Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Måling av feitt i potetgull

Potetgull, eller potetchips, er godt, og det er ei stor feittkjelde for mange ungdommar. På posen står det kor mange gram feitt det er per 100 gram vare, men er det rett?
Potetgullflak på kvit bakgrunn. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formål

Formålet med forsøket er å lære korleis vi kan måle mengda feitt i ei matvare.

Framgangsmåte

  1. Knus 100 gram potetgull i begerglaset ved å trykkje potetgullet ned med handa.

  2. Veg ei porselensskål eller varmebestandig glasskål.

  3. Tilset cirka 1 dL aceton og fortsett videre arbeid under avtrekk.
  4. Kna og bland potetgull og aceton saman med matskeia i eit par minutt, slik at alt potetgullet kjem i kontakt med acetonet. Feittet blir då ekstrahert frå potetane og går over i løysemiddelet.
  5. Skil potetgull frå feitt/aceton ved å tømme blandinga oppi trekta. Pass på at skåla du vog, står under trekta slik at feittet/acetonet kan renne oppi.
  6. Set porselensskåla eller den varmebestandige glasskåla på ei kokeplate under svak varme, eller bruk vassbad.

    NB! Du må ikkje setje kokeplata på fullt eller bruke open flamme. Aceton kan lett ta fyr. Ha eit brannteppe eller eit stort, vått handkle lett tilgjengeleg i ei bytte for å sløkkje flammane dersom det skulle ta fyr.

  7. La acetonet fordampe til det sluttar å koke/boble i blandinga, då er det berre feittet som blir liggjande att i skåla.

  8. Veg porselensskåla eller den varmebestandige glasskåla som no inneheld feitt. Trekk frå vekta av skåla, og kontrollerer feittinnhaldet mot varedeklarasjonen på potetgullposen. Stemmer resultata dine med det som står på posen?
CC BY-SASkrive av Bjørg E. B. Aurebekk.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2021

Læringsressursar

Næringsstoff