Hopp til innhald

Fagstoff

Vitamin

Vitamin er stoff som er livsnødvendige for oss, men som vi berre treng små mengder av. Dei må vi få gjennom maten, fordi kroppen ikkje kan byggje dei sjølv. Unntaket er vitamin D som huda kan danne i sollys, og vitamin K som kan bli danna av bakteriar i tarmane.

Vitamin – viktige hjelpestoff i små mengder

Alle vitamina er svært ulike, har ulik kjemisk oppbygging og har heilt ulike oppgåver i kroppen. Vitamina er næringsstoff som regulerer stoffskiftet i kroppen og er nødvendige for omsetninga av karbohydrat, feitt, protein og mineralstoff. Vi kjenner i dag til 13 ulike vitamin.

For lite vitamin gir sjukdommar

For lite vitamin i kosten kan gi mangelsjukdommar. Dette var vanleg før i tida, men no til dags er det sjeldan. I fattige land er derimot vitaminmangelsjukdommar svært utbreidd.

Nokre vitamin er stoff som må vere til stades for at viktige enzym skal verke, såkalla koenzym. Mange B-vitamin er koenzym. Fleire av vitamina verkar som antioksidantar i cellene, til dømes vitamina C, E og A.

Antioksidantar vernar cellene i kroppen vår mot såkalla frie oksygenradikal og vernar oss på denne måten mot kreft og hjartesjukdommar. Frie oksygenradikal er stoff som kroppen produserer under celleandinga. Det blir forska mykje på om vitamina kan brukast til å førebyggje sjukdommar. Fleire vitamin er mellom anna knytte til førebygging av kreft og hjarte- og karsjukdommar.

Bøtte med blåbær i haustfarga lyng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Feittløyselege vitamin

Vitamin A, D, E og K er feittløyselege og kan lagrast i kroppen. Det er derfor ikkje nødvendig å dekkje behovet kroppen har, kvar dag, berre lagera ikkje går tomme.

Modell som viser fettløselige vitaminer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vassløyselege vitamin

Vitamin B og vitamin C er vassløyselege og blir raskt skilde ut av kroppen. Sidan dei ikkje blir lagra, må vi stadig få dei tilført gjennom mat og drikke. Vitamin B er ei stor gruppe vitamin (tiamin, riboflavin, niacin, pyridoksin, pantotensyre, biotin, kobalamin og folsyre).

Vannløselige vitaminer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-NC-SASkrive av Bjørg E. B. Aurebekk og Øyvind Bønes. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 05.05.2020

Læringsressursar

Næringsstoff