Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Diffusjonsfelling av salt

Utforsk fellingsreaksjonar på ein morosam måte.

Utstyr

  • kaliumtiocyanat, KSCN
  • jern(III)nitrat, Fe(NO3)3
  • kaliumjern(III)cyanid, K3Fe(CN)6
  • natriumklorid, NaCl
  • sølvnitrat, AgCl
  • kalsiumsulfat, CaSO4
  • magnesiumkarbonat, MgCO3
  • små trepinnar
  • jern(II)sulfat, FeSO4

Framgangsmåte

  1. Bruk vernebriller.
  2. Skriv ut vedlegget under og legg det i ei plastmappe eller laminer det.
  3. Bruk ein pipette til å lage ein liten "dam" i kvar sirkel nedanfor.
  4. Legg litt av kvart salt i små beger eller i små haugar på kvar si side av sirklane.
  5. Ta to trepinnar, og fukt endane.
  6. Ta litt salt på pinnane, og dypp dei i salta slik at det heng igjen litt på pinnane.
  7. Før pinnane inn i vatnet frå kvar side slik at saltet kan løyse seg opp.
  8. Vent og sjå kva som skjer.
  9. Restar kan hellast i vasken.

Dette er ein kjempefin måte å vise fram kva ionesambindingar er, både i naturfag og kjemi.

Spesielt i kjemi vil ein kunne bruke fellingsreaksjonane til å forklare løyseligheit og korleis stoff diffunderer i ei løysning.

Filer

CC BY-SASkrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2019

Læringsressursar

Demoforsøk