Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Vatn til mjølk til vatn

Bruk fellingsreaksjonar til å lage ei løysing som går frå å vere fargelaus til kvit, og tilbake til fargelaus igjen.
Person med blå hansker heller ei fargelaus væske frå eit reagensrøyr til eit anna.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • 1 g kalsiumklorid, CaCl2
  • 0,2 g ammoniumoksalat,(NH4)2C2O4
  • 5 mL konsentrert svovelsyre, H2SO4
  • 3 erlenmeyerkolbar, 500 mL eller 1 L

Framgangsmåte

  1. Løys 1 g kalsiumklorid i 500 mL vatn i ein kolbe.
  2. Løys 0,2 g ammoniumoksalat i 10 ml vatn i ein kolbe.
  3. Tøm kalsiumklorid-løysinga over i ammoniumoksalat-løysinga.
  4. Tøm så denne løysinga over i kolben med svovelsyre. Du skal få ei fargeendring frå blankt til kvitt til blankt.
  5. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.
CC BY-SASkrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2019

Læringsressursar

Demoforsøk