Hopp til innhald
Øving

Å anerkjenne andre

Å øve seg på å anerkjenne andre er naudsynt for å bli god. Det er viktig å nytte tid på denne øvinga. De kan gjerne erstatte barnet i denne øvinga med foreldre, barn med funksjonsnedsetjingar, ungdom, flyktningar, menneske i krise eller andre, og gjer ho gjerne fleire gonger.

Rollespel

Gå saman i ei gruppe med tre deltakarar. Lag eit rollespel med ein samtale eller ei hending mellom eit barn og ein barne- og ungdomsarbeidar. Ta gjerne utgangspunkt i ei konkret erfaring som ein av dykk har hatt. Rollespelet har som mål at barne- og ungdomsarbeidaren skal forstå og anerkjenne barnet. Vel roller: barn, barne- og ungdomsarbeidar og medhjelpar/støtte til barne- og ungdomsarbeidaren.

Trinn 1

Barnet og barne- og ungdomsarbeidaren gjennomfører rollespelet med vekt på at barne- og ungdomsarbeidaren

  • verdset barnet

  • prøver å forstå og stiller opne spørsmål og lyttar

  • stadfestar opplevingane, kjenslene og tankane til barnet

  • speglar tankane og kjenslene til barnet

  • undrar seg og er nysgjerrig utan å vite sikkert

  • fortel att for å sjekke om det er forstått riktig

  • bringer inn nye perspektiv og idéar og ser om dei har noko å seie

Barne- og ungdomsarbeidaren kan når som helst under rollespelet stoppe og spørje medhjelparen om støtte og direkte rettleiing.

Trinn 2

Barnet fortel om korleis det opplevde å bli møtt med anerkjennande kommunikasjon og kjem gjerne med forslag til forbetring.

Alle i gruppa diskuterer sjølve situasjonen med hovudvekt på

  • opplevinga til barnet og korleis det er å anerkjenne andre

  • opplevinga til barne- og ungdomsarbeidaren

Gjenta rollespelet med nye roller til alle har fått prøvd seg som barne- og ungdomsarbeidar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 01.09.2021