Oppgåve
Korleis ser lytting ut?
Kan vi bli flinkare til å lytte på kvarandre i diskusjonar? Det meiner dei som står bak TV-programmet "Einig". Sjå på deltakarar i desse diskusjonane og lær korleis lytting kan sjå og høyrast ut.
Innhaldet er visuelt. Alternativ: Oppgåve 2.
Sjå på diskusjonen om likestilling frå NRK-programmet "Einig" frå 05:48 til 11:47.
I dette diskusjonsprogrammet har deltakarane fått streng beskjed om å lytte til kvarandre og diskutere for å utvikle forståinga av ei sak, ikkje for å vinne. Korleis viser deltakarane i diskusjonen at dei lyttar til kvarandre gjennom både verbalspråk og kroppsspråk?
- Korleis ser du på ansikt og kroppshaldning at dei lyttar?
- Korleis ser du på ansikt og kroppshaldning at dei er ueinige med noko dei andre seier?
- Gjentek eller oppsummerer dei det den andre seier før dei kjem med innspelet sitt?
- Finn du døme på at deltakarane ber om at dei andre forklarer eller utdjupar nokon av synspunkta eller påstandane sine?
- Blir dei einige på nokon punkt i samtalen?
- Får du inntrykk av at partane lyttar på kvarandre?
- Kva slags verknad kan det ha at partane lyttar på kvarandre i denne diskusjonen, etter di meining?
- Kven synest du er den beste lyttaren i denne diskusjonen? Grunngi.
- Samarbeid i par eller små grupper om å lage ei liste over kva det vil seie å vere ein god lyttar i ein diskusjon.
- Diskuter punkta frå gruppene i klassen. Kva er de flinke til å gjere frå før i klasserommet? Kva blei de klar over no som de ikkje hadde tenkt på før?
- Samanfatt gjerne diskusjonen med å lage reglar for god lytting til eit oppslag i klasserommet.