Fagartikkel
Utrekning av konsekvensar
Når vi bereknar konsekvensar, vurderer vi kva for negative følgjer ei uønskt hending kan få. Vi vil ofte vurdere den økonomiske verdien av desse følgjene. Her skal vi sjå på økonomiske konsekvensar, men konsekvensar kan òg vurderast ut frå personskade, miljø eller materielle skadar.
Når vi skal bruke konsekvensar til å berekne risiko, vurderer vi alvorsgrada ved dei ulike hendingane. Nedanfor ser du eit døme på korleis konsekvens kan graderast.
Grad av konsekvens | Forklaring |
---|---|
Liten konsekvens = 1 | Ingen eller små økonomiske tap eller skade på menneske |
Middels konsekvens = 2 | Noko økonomisk tap og/eller noko skade på menneske |
Stor konsekvens = 3 | Store økonomiske tap og/eller store skadar på menneske, ev. dødsfall |
Grad av konsekvensar – med 3 nivå.
Frå innleiinga hugsar du kanskje dømet med straumbrot. Tenk deg at du skal plassere konsekvensane av eit straumbrot av 30 minutts varigheit i tabellen over for desse verksemdene:
- ein daglegvarebutikk
- intensivavdelinga på eit sjukehus
- ein vidaregåande skule
- hovudserveren hos IKT-avdelinga i ein stor bank