Hopp til innhald
Fagartikkel

Sannsyn og konsekvens

For å kunne seie noko om risiko må vi berekne sannsynet for at uønskte hendingar skal skje, og kva konsekvensar dei i så fall kan ha. Deretter kan vi setje inn tiltak for å førebyggje dei uønskte hendingane som har størst risiko.

Risikovurdering i kvardagen

I dagleglivet vurderer vi ofte risiko utan å tenkje over det, og set inn passande tiltak: Vi gjer det i trafikken ved å sjå oss for og bruke bilbelte. Når det gjeld ting som er verdifulle for oss, gjer vi det til dømes ved å låse sykkelen, ikkje leggje frå oss PC-en utan tilsyn og generelt verne om det som er vårt. Slik vurderer vi sannsynet for og konsekvensane av dei, og så set vi inn passande tiltak for å forhindre hendingane i daglegdagse situasjonar.

No skal vi lære å gjere dette systematisk, for systematisk risikovurdering er noko som går att i alt tryggingsarbeid.

Sannsyn og konsekvensar

Kva er årsaka til at nesten alle bruker hjelm i alpinbakken? Ikkje sjeldan fell vi på langrennsski – utan at særleg mange bruker hjelm av den grunnen. Mest sannsynleg ligg det ein enkel risiko- og sårbarheitsanalyse bak dette valet. Den byggjer på at sannsynet for fall er ganske lik, mens konsekvensane av eit fall i alpinbakken er langt meir alvorlege enn konsekvensane av eit fall i langrennssporet. Tiltaket dei fleste alpinistar vel, er hjelm.

No skal du først og fremst lære å gjere den same typen risikovurderingar i dei situasjonane som kan oppstå i yrket ditt. Vel du sikkerheitsfaget, kan du oppleve at nettopp risikovurderingar vil prege arbeidsdagen din i stor grad. Uansett kva lærefag du vel, vil risikovurdering og tiltak for å handtere risiko vere sentralt i verksemda du arbeider i.

Definisjon av risikovurdering

Ei risikovurdering er ei vurdering av sannsynet for at ei uønskt hending kan hende, og kva konsekvensar ho i så fall kan få.

Formelen for risiko

sannsyn × konsekvens = risiko