Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Importbedrift

Du ønskjer å importere russeklede frå Kina for vidaresal i Noreg. Kleda er rimelege, men kva kostnader kjem i tillegg ved import? Kva etatar må du rette deg etter, og kva lover og reglar må du kjenne til?
Fire ungdommar i russedress. Foto.

Bruk importguiden som du finn lenkje til nedanfor, når du svarer på oppgåva.

Oppgåve

Tenk deg at du vil bestille 1 000 russedressar til 100 kroner stykket.

  1. Kor mykje må du då betale i toll?
  2. Kva er eit fortollingsgebyr? Sjå på oversikta du finn nedst på sida, og finn ut kor stort fortollingsgebyr du må rekne med å betale på russedressane.
  3. Om du importerer frå eit land som har ein frihandelsavtale med Noreg, kan du få lågare toll eller tollfritak. Kva land har Noreg frihandelsavtalar med? Har vi frihandelsavtale med Kina?
  4. Kor mykje meirverdiavgift må du betale på russedressane?
  5. Kva er ei særavgift? Må du betale særavgift på russedressane?
  6. Kva for ein offentleg etat kan du kontakte om du har spørsmål om import av varer?
  7. Rekn ut den totale for russedressane og inntakskost per dress. Legg eigne føresetnader til grunn dersom det er nødvendig.

Relatert innhald

Skal bedrifta di importere varer frå utlandet, må du undersøkje om de må betale toll, meirverdiavgift og eventuelle særavgifter.

Filer

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Starte bedrift – regelverk