Oppgåve
Budsjettkontroll for Ungmote UB
I denne oppgåva skal du setje opp ein enkel budsjettkontroll for Ungmote UB.
Ungmote UB har følgande budsjett- og rekneskapsoversikt for 4. kvartal:
| Budsjett 4. kvartal | Rekneskap 4. kvartal | Avvik i kr |
---|---|---|---|
Driftsinntekter |
|
| |
Salsinntekter | kr 18 000 | kr 14 000 | ? |
Driftskostnader |
|
| |
Varekostnader | kr 6000 | k 7000 | ? |
Husleige | kr 2000 | kr 2500 | ? |
Andre driftskostnader | kr 5000 | kr 5800 | ? |
Marknadsføringskostnader | kr 3000 | kr 2500 | ? |
Sum Kostnader | kr 16 000 | kr 17 800 | ? |
Driftsresultat | kr 2000 | kr -3800 | ? |
- Set opp ein enkel budsjettkontroll der du reknar ut avvik i kroner.
- Kommenter dei positive og negative avvika.
Kva for betringsforslag har du til Ungmote UB?