Hopp til innhald

Fagstoff

Funksjonsnorma og fordommar

I samfunnet finst det normer og forventningar til korleis kroppen skal fungere. Dei av oss som bryt med desse forventningane, kan lettare falle utanfor fellesskapen. Korleis kan vi hindre at normer, fordommar og generaliseringar fører til diskriminering og utanforskap?
Ein figur går opp ei trapp, ein annan sit i rullestol nedst ved trappeoppsatsen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Funksjonsnorma

Det finst mange normer, og vi møter dei kvar einaste dag på ulike stader og i ulike situasjonar. Ei norm kan sjåast på som ein regel for korleis vi skal oppføre oss og påverkar derfor kva val vi tek. Normer seier noko om kva forventningar samfunnet og andre har til oss. Somme normer er nødvendige for å samhandle og fungere i samfunnet, til dømes det å vente på sin tur i køen eller seie takk når vi får ein presang. Andre normer kan gi dei som bryt dei, ei oppleving av utanforskap.

Fleire med funksjonsnedsettingar eller kronisk sjukdom kan ha ein kropp som bryt med norma for korleis vi tenkjer at ein kropp skal sjå ut, noko som kan by på utfordringar.

Funksjonsnorma: antakinga om at kroppen må fungere på ein gitt måte for at vi skal kunne delta i samfunnet og leve eit godt liv.

Normer blir ofte veldig synlege når dei blir brotne. Det er mange som bryt med norma for kropp, til dømes personar med funksjonsnedsettingar. Ved å bryte med forventningar knytte til funksjonsnorma, kan til dømes andre sjå på deg som "annleis" og "unormal". I denne samanhengen kan funksjonsnedsettingar føre til negative sanksjonar, til dømes utestenging, mobbing, diskriminering eller hatprat.

Tenk etter: Kva er eigentleg "normalt"?

Ein skiløpar med funksjonsnedsetting stakar i løypa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Haldningar og fordommar

Haldningar påverkar handlingane våre og kan vere baserte på opplevingar, erfaringar eller kunnskap. Det er likevel ikkje uvanleg å overta haldningar frå foreldre, venner og andre vi identifiserer oss med.

Mange personar med funksjonsnedsettingar møter fordommar på grunn av at dei har ei funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Ein fordom er ei generalisering som inneheld ei vurdering, vanlegvis negativ, om andre menneske eller sosiale grupper. Fordommar botnar ofte i vankunne og lite kunnskap og kan komme til uttrykk på mange måtar.

Tenk etter: Korleis kan normer ekskludere menneske med funksjonsnedsettingar?

Unge med funksjonsnedsettingar møter ofte barrierar på skulen. Fordommar er ein av dei. Til dømes opplever fleire elevar med funksjonsnedsettingar ofte at dei blir sett på som dumme og svake. Slike fordommar kan resultere i låge forventningar til personar med funksjonsnedsettingar.

Ein mann med amputerte bein og arm køyrer bil. Han ser mot kamera og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personar med funksjonsnedsettingar blir ofte sett på i eit omsorgsperspektiv, som sjuke og hjelpetrengande. Dette står i motsetning til å bli sett på i eit rettsperspektiv – som menneske som blir avgrensa på grunn av barrierar som diskriminering og mangel på likestilling og tilrettelegging.

Jeg gruet meg veldig til videregående fordi lærere pleide alltid å fortelle meg at: "Du klarer deg så vidt på ungdomsskolen, så på videregående kommer du til å stryke i alle fag. Jeg ser ikke en fremtid for deg, eller at du kommer til å få deg en jobb. Jeg vet ikke helt hvordan du skal klare deg."

Kvinne, nedsatt bevegelsesevne, 18 år

Nedanfor er nokre døme på fordommar og haldningar til personar med funksjonsnedsettingar og kronisk sjukdom. Generaliseringar og stereotypiar av grupper som bygger på slike fordommar, stemmer veldig ofte ikkje, men blir brukte til å rettferdiggjere mobbing, diskriminering, hatprat og verre ting når dei blir allment aksepterte.

Fordommar mot personar med Funksjonsnedsettingar

Fordommar

Stemmer fordommane?

Personar med funksjonsnedsettingar er mindre intelligente. Det treng ikkje vere noko i vegen med intelligensen, sjølv om ein bryt med funksjonsnorma.
Personar med funksjonsnedsettingar burde vere saman med andre som har funksjonsnedsettingar, fordi dei ikkje er "normale". Personar som har ei funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom, er ikkje diagnosen sin. Det er fleire som kan bli usikre rundt personar med funksjonsnedsettingar viss dei ikkje har nokon kjennskap eller kunnskap om det.
Langvarig og kronisk sjuke er late eller lyg om at dei har ein diagnose for å få gode. Dei ser jo ikkje sjuke ut. Mange har usynlege diagnosar, og det kan gjere det vanskeleg å forstå kva utfordringar dei har sidan dei "ser friske" ut. Somme funksjonsnedsettingar vil òg sette avgrensingar for kapasiteten til å gjere ting.
Personar med funksjonsnedsettingar er ikkje ressurssterke og ei byrde for samfunnet. Dei er eit pengesluk for skattebetalarar ved at dei berre "navar" og ikkje bidreg til arbeidslivet. Mange ønsker å jobbe, men dei får ikkje jobb på grunn av barrierar som fordommar, diskriminering og manglande tilgjengelegheit. Det finst òg fleire personar med funksjonsnedsettingar som har jobb, og mange bidreg i frivilligheita og deltek i organisasjonslivet.
Personar med funksjonsnedsettingar er svake og kan ikkje leve sjølvstendige liv. Dei er ofte stakkarslege og sårbare og treng sympati. Det er vanskeleg å tru at dei kan leve gode og meiningsfulle liv. Mange lever gode liv dei er nøgde med, men ofte er problemet mangel på assistanse, og at samfunnet ikkje er universelt forma ut. Personar med funksjonsnedsettingar blir ofte sett på i eit omsorgsperspektiv i staden for i eit rettsperspektiv.
Personar med funksjonsnedsettingar har ikkje ein seksualitet og kan ikkje ha sex eller vere foreldre. Personar med funksjonsnedsettingar har ein seksualitet og eit kjensleliv akkurat som alle andre menneske har.
Mann i rullestol gir ein lapp til ein annan mann. I bakgrunnen er ei tavle med mange lappar i ulike fargar. Ei kvinne står og ser på tavla. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kritisk tenking

Alle ber med seg fordommar, ofte ubevisst. Mange fordommar mot personar med funksjonsnedsettingar er godt internaliserte og ibuande i samfunnet. Når vi tek eigne fordommar som objektiv sanning, oppstår det problem. Vi avviser kanskje at vi har fordommar og overser dermed at vi handlar på måtar som sårar eller avgrensar moglegheitene for andre.

Ved å halde fast på visse forestillingar endar vi ofte opp med å misforstå og ekskludere. Derfor er det viktig å reflektere over eigne haldningar og bli klar over at eigne erfaringar, standpunkt og overtydingar kan vere ufullstendige eller feilaktige.

Til dømes kan somme tenkje at det er naturleg og hyggjeleg å gi ein person med funksjonsnedsetting ros for å vere "tøff" eller "flink" som klarer å ta bussen åleine. Avsendar meiner sannsynlegvis ikkje noko vondt med det, men kommentaren byggjer på tanken om at personar med funksjonsnedsettingar er usjølvstendige og ikkje aktive borgarar. Hadde vedkommande vore ein person utan funksjonsnedsetting, ville hen sannsynlegvis ikkje fått ros for å ta bussen, fordi det er ein heilt vanleg ting å gjere.

Kvinne assisterer blind mann med kvit stokk. Ansikta på personane blir ikkje viste fram. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved å reflektere kritisk over verdiar og normer kan vi få til bevisstgjering og positiv haldningsendring. Personar som bryt normer og forventningar, kan lære oss korleis vi kan flytte grenser og bidra til å normalisere mangfald.

Utfordringane ungdom med funksjonsnedsettingar møter, handlar ofte om normer og forventningar i samfunnet, og ikkje nødvendigvis om sjølve diagnosen. Kritisk tenking er å bli klar over korleis vi blir stilte overfor forventningar i kvardagen – i tillegg til korleis vi stiller andre overfor slike forventningar. Det handlar om å kjenne igjen normene som kan hindre inkludering og heller fremme handlingar som gir fleire moglegheit til å delta.

Denne artikkelen er skriven av Unge funksjonshemmede.

Kjelder

Unge funksjonshemmede. (u.å.). Hvordan håndtere normer og holdninger til personer med funksjonsnedsettelser? Henta 22. mars 2022 frå https://ungefunksjonshemmede.no/ressurser/kurs/kronisk-inkludering/inkluderende-skolemiljo/2-hvordan-handtere-normer-og-holdninger-for-personer-med-funksjonsnedsettelser/

Unge funksjonshemmede. (u.å.). Kritisk tenkning. Henta 22. mars 2022 frå https://ungefunksjonshemmede.no/ressurser/kurs/kronisk-inkludering/inkluderende-skolemiljo/3-kritisk-tenkning/

CC BY-SASkrive av Maren Hagen Fuglesang.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2022

Læringsressursar

Mangfald