Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kommunikasjon og nedsett funksjonsevne

Dersom du skal jobbe med eller saman med menneske som har spesielle problem knytte til kommunikasjon, må du skaffe deg informasjon om dei problema vedkomande har, slik at de kan kommunisere så godt som mogleg.
Vaksen og to barn kommuniserer med teiknspråk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre av filmane på denne sida handlar om eldre, men dei inneheld mykje som er viktig også for kommunikasjon med menneske i andre aldersgrupper.

  1. Kommunikasjon i kassa

    Sjå filmen Kommunikasjon i kassa

    • Kva fortel denne filmen om
      • kva guten tenkte før han fekk jobb
      • kva for hjelpemiddel som kan gjere jobben lettare
      • å gi døve moglegheiter i arbeidslivet
    • Kvifor er det viktig at òg menneske med nedsett funksjonsevne får ta del i arbeidslivet?
    • Kva krev det av arbeidstakaren dersom han eller ho skal få jobb? Kva for innstilling må arbeidstakaren ha til eiga nedsett funksjonsevne/døvheit?
    • Prøv dykk i rollespel der éin er døv og den andre ikkje er det. Før ein samtale om noko de er opptekne av.
  2. Sansehage

    Sjå filmen Sansehage

    • Kva har songar som du lærte i barndommen, å seie for livet ditt seinare – til dømes dersom du blir dement?
    • Kan du oevrføre noko av det du ser i denne filmen, til arbeidet med barn og unge?
    • Korleis verkar fysisk aktivitet her? Gjeld dette òg i andre samanhengar?
    • Korleis kan du bruke ein sansehage i arbeidet med barn og unge – både dei med og dei utan nedsett funksjonsevne?
    • Forklar omgrepet "helsefremjande".
    • Kva har meistring å seie?
  3. Musikkterapi

    Sjå filmen Musikkterapi

    • I denne filmen møter du vaksne personar som har musikkterapi. Trur du delar av dette òg kan brukast til barn og unge?
    • Korleis kan du bruke musikk når du jobbar med barn og rørsler?
    • Korleis kan musikk nyttast i arbeid med autistar og menneske med psykiske problem?
    • Korleis kan songar og musikk ein lærte og likte då ein var barn eller ungdom, ha betydning når ein blir eldre?
    • Korleis kan du nytte musikk i arbeidet med barn og unge?
    • Ei av damene her seier at musikk er bra for humøret. Finn ut kva barn meiner om dette.
    • Korleis trur du at musikk kan nyttast som ein nøkkel til meistring òg for barn og unge?
  4. Per Olav prøver seg som blind

    Sjå filmen Per Olav prøver seg som blind

    • Skriv eit samandrag frå filmen.
    • Kva fortel filmen om korleis det er for blinde å delta i kroppsøvingstimane?
    • Jenta i filmen seier noko om kva ho trur er forskjellen på å vere fødd blind og det å bli blind seinare. Kva seier ho?
    • Spør kroppsøvingslæraren din om du kan få prøve nokre av dei øvingane du ser her. Kva erfaringar gjer du deg?
    • Kvifor er det ekstra viktig for blinde å stole på andre?
    • Kva lærer du om auget og det å vere blind ved å sjå filmen?
    • Kva vil det seie at ein person er fargeblind?
    • Kva er punktskrift?
  5. Tegn til tale

    Sjå filmen Tegn til tale

    • Kva er teikn til tale?
    • Kvifor blir teikn til tale nytta?
    • Søk på nettet og sjå kva du kan finne om teikn til tale.
    • Kva er lommeteikn?
    • Kva krev bruken av teikn til tale av deg som fagarbeidar?
    • Kvifor er det viktig at alle barn får uttrykkje seg?
  6. Tilrettelegging for lærling med hørselshemning

    Sjå filmen Tilrettelegging for lærling med hørselshemning

    • Kva fortel filmen om det at tolkar kan faguttrykk?
    • Kor viktig trur du tolken er?
    • Kva må kollegaen tenkje på når han nyttar tolken?
  7. Forsinket språkutvikling

    Sjå filmen Forsinket språkutvikling

    • Korleis kan du vite at eit barn har eit språkproblem?
    • Kva for ein grov hovudregel kan det vere lurt å ha i bakhovudet når ein vurderer språket til barna ved to- og treårsalderen?
    • Kva er spesifikke språkproblem?
    • Kvifor er det viktig å få hjelp så tidleg som mogleg når barn har språkproblem?
    • Kva er eit språkbad?
  8. Tilrettelegging i klasserommet for elev med hørselshemning

    Sjå filmen Tilrettelegging i klasserommet for elev med hørselshemning

    • Her høyrer du om ei oppfinning som gjer det mogleg for guten å høyre – forklar kva dette er.
    • Korleis tilrettelegg læraren/ skulen for opplæringa her?
    • Kva fortel foreldra om dei vala dei har teke?
    • Her høyrer du om kommuneøkonomi og at tilrettelegging kostar pengar. Kva tankar gjer du deg om dette?
CC BY-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020

Læringsressursar

Mangfald