Arbeidsoppdrag
Planlegg ein reklamefilm for energidrikk
Sjå innslag om energidrikk frå TV-programmet Forbrukerinspektørene og lag ein reklamefilm for ein energidrikk. Hugs å ta omsyn til gjeldande lover for marknadsføring.
- Gå saman i grupper og lag eit storyboard til ein reklamefilm for ein energidrikk. Filmen skal vare i 20 sek.
- Vel målgruppe og kanal for publisering.
- Set opp ei punktliste for kva de må ta omsyn til når det gjeld lover og regelverk for marknadsføring.
I NRKs forbrukarprogram Forbrukerinspektørene får de noko bakgrunnsstoff.