Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Redaksjonelle og private medieaktørar

Fagartikkel

Redaksjonelle medieaktørar

Redaksjonelle medieaktørar speler ei viktig rolle i samfunnet. Dei produserer journalistisk innhald, set dagsorden og har eit sjølvpålagt ansvar for å avsløre maktmisbruk. Viss vi skal ta aktivt del i samfunnet og delta i den offentlege debatten, er vi avhengige av redaksjonelle medium.

Kva er ein medieaktør?

Ein medieaktør er ein person, ei gruppe eller ein organisasjon som kommuniserer og publiserer medieinnhald på ein eller fleire plattformer.

Det finst ulike typar medieaktørar. Journalistar og kommunikasjonsarbeidarar så vel som engasjerte amatørskribentar og influensarar er døme på medieaktørar. Dei kjempar om merksemda di og har ulike agendaer og ulike intensjonar med informasjonen som blir lagd ut.

Vi skal no sjå nærare på kva som kjenneteiknar redaksjonelle medieaktørar.

Redaksjonelle medieaktørar

Dei redaksjonelle medieaktørane produserer journalistisk innhald og er knytte til ein . Sakene speglar, kritiserer og problematiserer hendingar nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonelle medium set dagsorden og kan bestemme kven som slepp til i den offentlege samtalen.

Redaksjonar i demokrati har dessutan eit sjølvpålagt ansvar for å avsløre maktmisbruk og blir ofte kalla for demokratiet si vaktbikkje. Døme på redaksjonelle medieaktørar er VG, Aftenposten, Klassekampen, lokalavisene, NRK og TV 2.

Artikkel, VG: "Stjernekamp"-vinneren lenket seg fast til gravemaskin: – Vi vant dagen i dag

Redaksjonelle medieaktørar er knytte til ein redaksjon. Ein redaksjon er ein person eller ei gruppe som jobbar fast med å sortere og redigere stoff som blir gitt ut i media. Redaksjonen i ei mediebedrift har ansvaret for innhaldet i det som blir produsert eller sendt derfrå.

Samfunnsoppdraget

Redaksjonelle medium har ei sentral samfunnsrolle. Journalistane skal formidle informasjon som gjer at folk kan ta del i samfunnsdebatten og ta medvitne val. Dette er ein viktig del av det vi kallar for samfunnsoppdraget til media.

Viktig rolle i demokratiet

Redaksjonelle medieaktørar speler ei grunnleggjande rolle i demokratiet. For at demokratiet vårt skal fungere, er innbyggjarane avhengige av informasjon. Nyheitsmedia skal vareta dette.

Viss vi skal ta aktivt del i samfunnet og ta del i den offentlege debatten, er vi altså avhengige av redaksjonelle medium. Det er til dømes viktig at dei redaksjonelle media dekkjer valkampen breitt i samband med eit stortingsval.

Artikkel, NRK: Zaineb (18) aner ikke hvem hun skal stemme på

Frie og uavhengige medium

I Noreg er det eit viktig prinsipp at redaksjonelle medium skal opptre som frie og uavhengige. Dei skal ikkje vere underlagde statleg kontroll eller økonomiske særinteresser. Norske redaksjonelle medium blir styrte etter det som blir kalla den sosialt ansvarlege pressemodellen, der pressa har ei fri stilling, men underkastar seg ein presseetisk sjølvjustis. Redaktørplakaten slår fast at redaktøren er ansvarleg og har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediet.

Redaksjonelle medium, eigarskap og finansiering

Vi har ulike typar redaksjonelle medieaktørar. Forskjellane dreier seg om eigarskap, finansiering og oppdrag.

  • Offentleg medieaktør: NRK er ein offentleg medieaktør som er eigd av staten og blir finansiert over statsbudsjettet.

  • Kommersiell medieaktør: TV 2 og Aftenposten er døme på redaksjonelle medieaktørar med kommersielle eigarar. Dei er avhengige av reklameinntekter.

NRK – offentleg medieaktør og allmennkringkastar

NRK er ein redaksjonell medieaktør som er eigd av staten. NRK blir finansiert over statsbudsjettet og er ikkje avhengig av reklameinntekter.

Som offentleg allmennkringkastar må NRK oppfylle ulike krav. Medieaktøren må mellom anna vere tilgjengeleg og relevant for alle grupper i befolkninga, og støtte og styrke demokratiet. NRK skal også styrkje norsk og samisk språk, identitet og kultur.

Les meir om norsk allmennkringkasting.

Redaksjonelle medium med kommersielle eigarar

Andre redaksjonelle medieaktørar i Noreg har kommersielle eigarar og er avhengige av reklameinntekter. Nokre redaksjonelle medium får også pressestøtte.

Tillit og truverd

Det er viktig at publikum har tillit til norsk presse, truverd er grunnleggjande for journalistar. Truverdet til media er avhengig av eit klart skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame eller sponsing.

Uavhengig journalistikk

Publikum skal vere trygg på at det redaksjonelle stoffet spring ut av ei sjølvstendig og uavhengig journalistisk vurdering, og at innhald og presentasjon er utan bindingar til utanforståande interesser. Regelverk som handlar om forholdet mellom reklame og redaksjonelt stoff, er nedfelt i pressa sin Ver-varsam-plakat.

Omgrep:

Relatert innhald

Kjelder

Frantzen, V. & Schofield, D. (Red.). (2018). Mediepedagogikk og mediekompetanse: Danning og læring i en ny mediekultur. Fagbokforlaget.

Schwebs, T., Ytre-Arne, B. & Østbye, H. (2020). Media i samfunnet. Det Norske Samlaget.

CC BY-SA 4.0Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen, Ragna Marie Tørdal og Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2022