Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Studer intensjon og multimodalitet i medietekstar

Undersøk konteksten til ein medietekst, og studer deretter korleis teksten er komponert. Kva er meininga i og føremålet med teksten, og kva strategiar og verkemiddel har avsendar brukt?
Tre personar sit rundt eit bord og samarbeider. Teikning.

Oppgåve 1. Øv på sjølvvalde medietekstar

  1. Korleis gjer du deg betre kjend med konteksten til ein medietekst?

    • Vel deg ein podkast, og beskriv konteksten for han.

  2. Korleis gjer du deg betre kjend med intensjon og i medieteksten?

    • Vel deg eit innlegg frå eit sosialt medium, til dømes TikTok, og avklar strategiar og verkemiddel i medieteksten.

    • Beskriv komposisjonen, og gjer ei tolking av kva element og modalitetar som er framheva på ein slik måte at dei fangar meir merksemd.

    • Forklar kva som er intensjonen til forfattaren, og kvifor. Ta utgangspunkt i arbeidet med førre punkt.

Oppgåve 2. Øv på gitte medietekstar

  1. Vel 3–4 av bileta nedanfor, og beskriv kultur- og situasjonskontekst for dei:

  1. Finn fram til profilen til den norske statsministeren i eit sosialt medium. Diskuter den multimodale komposisjonen.

  2. Sjå delar av filmen Diktatoren i klassen (til dømes frå 00:57). Diskuter meining og intensjon i lys av kontekst, modalitet og verkemiddel.

Relatert innhald

Charlie Chaplin sin klassikar «Diktatoren» er framleis relevant i dag.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2022