Hopp til innhald
Fagartikkel

Potensar

Kva er potensar, og korleis reknar vi med dei?

Kva er ein potens?

Nokre tal kan faktoriserast på ein slik måte at alle faktorane er like. Vi har til dømes at 64 = 2·2·2·2·2·2 . I matematikken har vi funne ein meir effektiv skrivemåte for å multiplisere mange like faktorar med kvarandre. Vi skriv

64=2·2·2·2·2·2=26

Talet 2 kallar vi grunntalet, og talet 6 kallar vi eksponenten. Eksponenten fortel kor mange gonger grunntalet skal vere faktor.

26=2·2·2·2·2·26 gonger=64

Å skrive 26 er altså berre ein annan måte å skrive talet 64 på.

Definisjon

La a vere eit vilkårleg tal og n eit naturleg tal. Då er

an=defa·a·a· ... ·an gonger

Ved å skrive "def" over likskapsteiknet fortel vi at dette er noko som er bestemt, definert, at skal gjelde.

Reknereglar for potensar med same grunntal

Når vi skal rekne med potensar, har vi ein del viktige samanhengar som kan gjere utrekningane lettare for oss.

Multiplikasjon av potensar

Vi kan rekne på denne måten med potensar:

34·35=3·3·3·34 gonger·3·3·3·3·35 gonger=39

Vi ser at

34·35=34+5=39

La a vere eit vilkårleg tal, og la m og n vere naturlege tal. Då er

am·an=am+n

Divisjon av potensar

Tilsvarande gjeld når vi dividerer potensar på kvarandre. Førebels går vi ut frå at eksponenten i teljaren er større enn eksponenten i nemnaren:

3632=3·3·3·3·3·33·3=34

Vi ser at

3632=36-2=34

La a vere eit reelt tal ulikt frå null, og la m og n vere naturlege tal. Då er

aman=am-n

Negative eksponentar

Korleis blir utrekninga dersom n>m, det vil seie at potensen i nemnaren har større eksponent enn potensen i teljaren? Vi byter om på potensane i det førre dømet slik at vi får 3236 og finn svaret på to måtar:

Vi løyser først med vanleg brøkrekning og får

3236=3·33·3·3·3·3·3=134

Ved å bruke rekneregelen for divisjon av potensar får vi

3236=32-6=3-4

Vi ønsker at rekneregelen for divisjon av potensar òg skal gjelde i slike tilfelle. Det betyr at 134 og 3-4 må vere det same talet. Vi innfører ein viktig definisjon:

For alle tal a0 og naturlege tal n gjeld at

a-n = def1an

Eksponent = 0

Kva så dersom potensane i teljaren og nemnaren har like eksponentar? Vi ser på eit døme.


Ved vanleg brøkrekning får vi

3232=3·33·3=11=1

Ved å bruke regelen for divisjon av potensar får vi

3232=32-2=30

Vi ønsker òg her at reknereglane for potensar skal gjelde. Det betyr at 30 må vere lik talet 1.

For alle tal a0 gjeld at

a0 = def1

Fleire reknereglar for potensar

Studer følgande reknestykke der definisjonen på potensar er brukte fleire gonger saman med vanlege reknereglar:

2·34 = 2·3·2·3·2·3·2·3=2·3·2·3·2·3·2·3=2·2·2·2·3·3·3·3=24·34234=23·23·23·23=23·23·23·23=2·2·2·23·3·3·3=2434234=23·23·23·23=(2·2·2)·(2·2·2)·2·2·2·2·2·2=212=23·4

Det kan visast at reknereglane under alltid gjeld.

La a og b vere reelle tal forskjellige frå null, og la m og n vere heile tal. Då er

a·bn=an·bn          abn=anbn          anm=am·n

Oppsummering av definisjonar og reknereglar

Definisjonar

an = def a·a·a· ... ·an gonger              a-n = def 1an             a0 = def 1

Reknereglar

            am·an=am+n                  aman=am-n    a·bn=an·bn      abn=anbn       anm=am·n