Hopp til innhald

Fagstoff

Kvadratrøter

Kva meinest med kvadratrota til eit tal, og korleis reknar vi med kvadratrøter?

Veit du at kvadratrota til 4 er 2?

Gitt eit ikkje-negativt tal a.
Kvadratrota til a, a, er definert ved at a er det ikkje-negative talet som opphøgd i andre er lik a.

a2=a og a0

Eksempel

9=3 fordi 3·3=9 og fordi 3 ikkje er negativt.

Merk at også -3·-3=9, men -3 er eit negativt tal og er difor ikkje definert som kvadratrota av 9.

Hugs at a ikkje er eit negativt tal!

Reknereglar for kvadratrøter

Ved å bruke definisjonen på kvadratrøter får vi at

4·9=2·3=6

Vi får same svar dersom vi først multipliserer og så trekkjer ut rota

4·9=4·9=36=6

Dette gjeld også ved divisjon av kvadratrøter.

Ved å bruke definisjonen på kvadratrøter blir

369=63=2

Dersom vi først dividerer og så trekkjer ut rota, får vi

369=369=4=2

Vi kan vise at dette gjeld generelt.

Reknereglar for kvadratrøter

Multiplikasjonsregelen

         ab=a·b             a0  og  b0

Divisjonsregelen

              ab=ab            a0  og  b>o

Prov for multiplikasjonsregelen

a·b2 = a·b·a·b=a·b·a·b=a2·b2=a·b

Vi har altså at

a·b=a·b2

Per definisjon er då

a·b=a·b

Prøv å prove divisjonsregelen på same måte!

Ofte må du bruke reglane motsett veg. Du bør da dersom mogleg skilje ut kvadrattala, dei tala som gir heiltalleg svar når du tar kvadratrota av dei.

Eksempel

183 = 9·23=9·23        =3·23=2

Eksempel

350-232= 325·2-216·2=3·25·2-2·16·2=3·5·2-2·4·2=152-82=72

Test deg sjølv! Skriv raskt ned dei 13 minste kvadrattala!

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2020

Læringsressursar

Potensar