Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Døme på eksamensoppgåver for sal, service og reiseliv

Her finn du døme på ulike typar oppgåver du kan få til munnleg-praktisk eksamen i naturfag. Øv åleine eller saman med andre, og bli best mogleg førebudd!
Kvinne ser på Mac i butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis er eksamensoppgåvene utforma?

Eksamensoppgåva består gjerne av eit breitt tema som dekker mange av kompetansemåla i naturfag. Saman med oppgåva kan du få ei liste med forsøk eller andre praktiske oppgåver, der du skal velje ei av desse.

Du bruker førebuingstida til å setje deg inn i det temaet du har fått, og det forsøket du har valt.

Oppgåve 1. Livsløpet til eit produkt

Vel eit produkt som er relevant for sal, service og reiseliv, og vurder livsløpet til produktet.

Aktuelle punkt

  • Kva meiner vi med livsløpet til eit produkt?
  • Ta utgangspunkt i produktet du har valt, og beskriv dei mest sentrale fasane i livsløpet til dette produktet.
  • Diskuter korleis dei ulike fasane påverkar berekraftig utvikling med tanke på miljø, økonomi og sosiale forhold.
  • Foreslå moglege tiltak som kan gjere produktet meir berekraftig.
Forsøk/praktiske oppgåver

Forslag til forsøk/praktiske oppgåver

Rettferdig pris på klede

Undersøk livsløpet til eit produkt

Kartlegg merkeordningar

Kva avgjer om eit produkt er berekraftig eller ikkje?

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumenter for val av metodar

  • undersøkje og vurdere livsløpet til ulike produkt i eit berekraftsperspektiv

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • gjere greie for aktuelle miljøutfordringar knytte til handel og reiseliv og drøfte desse i eit berekraftsperspektiv

Oppgåve 2. Miljøutfordringar i handel og reiseliv

Gi ei kort oversikt over dei mest aktuelle miljøutfordringane knytte til sal, service og reiseliv. Vel ei miljøutfordring som du drøftar i detalj.

Aktuelle punkt

  • Gi ei kort oversikt over dei miljøutfordringane du har funne.
  • Kva blir meint med berekraftig utvikling?
  • Kvifor er berekraftig utvikling viktig òg for handel og reiseliv?
  • Vel ei av miljøutfordringane som du diskuterer nærare.
    • Kva går miljøutfordringa ut på? Kva er problemet?
    • Foreslå moglege tiltak som kan bidra til ei løysing på problemet. Knytt det gjerne opp mot andre delar av læreplanen (teknologi, berekraftig utvikling, helse og livsstil).
    • Korleis kan vi som privatpersonar bidra?
Forsøk / praktiske oppgåver

Forslag til forsøk / praktiske oppgåver

Kva er problemet med plasten?

Finn opp ein klima-app!

Kan vi redde verda ved å sende færre e-postar?

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumenter for val av metodar

  • undersøkje og vurdere livsløpet til ulike produkt i eit berekraftsperspektiv

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • gjere greie for aktuelle miljøutfordringar knytte til handel og reiseliv og drøfte desse i eit berekraftsperspektiv

Oppgåve 3. Helse og livsstil

Vel eit aktuelt helse- og livsstilsspørsmål som du drøftar, eller ta utgangspunkt i ein av casane i artikkelen Livsstilsvanar hos norske ungdommar.

Presenter det du finn ut.

Tips!

I artikkelen Livsstilen din ligg det eit rekneark som inneheld resultat frå ei stor undersøking om livsstilen til ungdom.

Vel deg ut eitt eller nokre få område som du undersøker nærare. Lag grafiske framstillingar, og presenter det du finn ut.

Aktuelle punkt

  • Kva blir meint med helse?
  • Kva er livsstil?
  • Kva er samanhengen mellom helse og livsstil?
  • Kva meiner du kjenneteiknar god helse?
  • Kvifor er spørsmålet du har valt, aktuelt?
  • Korleis kan du kople spørsmålet til andre kompetansemål i læreplanen?
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjonen frå ulike kjelder er

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 4. Mat og helse

Framfor deg har du eit utval matvarer (til dømes mjølk, sukker, mjøl, potetmjøl, olivenolje, eple, eggekvite).

Planlegg eit forsøk der du skal undersøke innhaldet av eitt eller fleire næringsstoff i desse matvarene (til dømes påvise stivelse eller protein).

Aktuelle punkt

  • Forklar og vis korleis du vil gjennomføre eit slikt forsøk.
  • Korleis vil du gå fram for å risikovurdere forsøket?
  • Kva gjer du med eventuelt avfall frå forsøket?
  • Kva blir meint med næringsstoff?

  • Vel eitt eller fleire næringsstoff. Forklar korleis dei er bygde opp, kva som skjer med dei i kroppen, og kva som kan vere gode kjelder til desse næringsstoffa.

  • Gjer kort greie for funksjonen til det næringsstoffet / dei næringsstoffa du har valt.

  • Forklar og vis korleis du kan påvise desse næringsstoffa.

  • Kva meiner vi med eit variert kosthald?
  • Kva er samanhengen mellom kosthald og helse?
  • Kommenter påstanden "Det er ikkje berekraftig å ete kjøtt", eller finn ein annan påstand om kosthald og vurder kor påliteleg han er.
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 5. Presenter ei sjølvvald problemstilling

I løpet av skuleåret har du jobba med ei sjølvvald problemstilling. Presenter det du har funne ut, og argumenter for den metoden du valde å bruke.

Aktuelle punkt

  • Kvifor valde du denne problemstillinga?
  • Kva hypotesar har du jobba med?
  • Korleis undersøkte du om hypotesane stemde?
  • Kva fann du ut?
  • Korleis heng det du har funne ut, saman med andre emne i naturfag og andre fag?
  • Korleis er det du har funne ut, relevant for utdanningsprogrammet ditt?

Forsøk / praktiske oppgåver

Forslag til forsøk

Ta utgangspunkt i forsøk og praktiske oppgåver du har jobba med i samband med dette prosjektet.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 6. Teknologi og berekraft

Du skal utforske og presentere teknologi knytt til sal, service og reiseliv og vurdere han i eit berekraftsperspektiv.

Aktuelle punkt

  • Kva er teknologi? Gi døme.
  • Korleis blir den aktuelle teknologien brukt i utdanningsprogrammet ditt?
  • Kva fordelar gir denne teknologien?
  • Vurder kva positiv og negativ innverknad teknologien kan ha på ei berekraftig utvikling.
  • Kan teknologien knytast til eitt eller fleire av berekraftsmåla?
  • Foreslå moglege forbetringar av teknologien.

Forsøk / praktiske oppgåver

Forslag til forsøk

Den praktiske delen i denne oppgåva kan bestå i å bruke den aktuelle teknologien når du presenterer og diskuterer oppgåva.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Kjelder

Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i naturfag (NAT01-04). Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nat01-04

Viken fylkeskommune. (2022, 21. januar). Muntlig-praktisk eksamen i Naturfag – Eleveksamen. https://viken.no/tjenester/skole-og-opplaring/eksamen-og-vitnemal/eksamen-for-elever/gjennomforing-av-eksamen/rammedokumenter-for-eleveksamen-i-lk20/muntlig-praktisk-eksamen/muntlig-praktisk-eksamen-i-naturfag-eleveksamen.128060.aspx

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2023

Læringsressursar

Eksamen i naturfag