Kan vi redde verda ved å sende færre e-postar?
I 2019 blei det i fleire aviser publisert nyheitssaker der bodskapen var at alle kunne bidra til å redusere klimautsleppa ved å slutte å sende unaudsynte e-postar. Det blei hevda at dersom vi slutta å sende e-postar med bodskap som «Takk!», «God helg» og «OK», ville dette kunne gi betydelege utsleppskutt:
Viss alle britar slutta å sende éin slik e-post, ville dette utgjere ein reduksjon i utslepp som svarer til over 80 000 flyreiser mellom London og Madrid.
Seinare blei det hevda at desse utrekningane var baserte på gamle tal, og at situasjonen i dag er ein annan.
Ramma nedanfor inneheld oppdaterte tal for klimagassutslepp som blir forårsaka av å sende e-post.
Klimagassutslepp frå e-post
0,03 g : Søppelpost som blir fanga opp av søppelpostfilter.
0,2 g
0,3 g
17 g
26 g
Kjelde: Berners-Lee, M. (2020). How bad are bananas? The carbon footprint of everything (revidert utgåve). London: Profile Books.
- Diskuter: Kva fasar består livsløpet til ein e-post av? Lag eit flytdiagram som viser korleis dei ulike fasane heng saman med kvarandre.
- Kva for nokre av desse fasane bidreg til utslepp av klimagassar?
- Kva fase gir det største bidraget? Grunngi svaret.
- Undersøk i kva grad påstanden om e-post og flyreiser er riktig.
- Finn ut kvifor klimagassutsleppet knytt til sending av e-post er annleis i dag enn det var i 2010.
- Diskuter: Kan vi «redde verda» ved å sende færre e-postar?
- Foreslå tiltak som de trur monar meir enn å sende færre e-postar.
- Finn ut om dette stemmer, og foreslå korleis desse tiltaka kan gjennomførast på ein arbeidsplass.
Relatert innhald
Nettside hos dagsavisen.no
Berners-Lee, M. (2020). How bad are bananas? The carbon footprint of everything (revidert utgåve). London: Profile Books.