Hopp til innhald
Rettleiing

Traverskran- og stroppekurs

Opplæring i riktig bruk av traverskran og stropping av last skal bidra til å hindre ulykker. Det lærer du på kurset.

Traverskran

Opplæringa skal gi god teoretisk grunnopplæring i sikker bruk av traverskran og god innsikt i korleis traverskraner er konstruerte, korleis dei verkar, vedlikehald og bruk. Føremålet med kurset er å unngå uhell og ulykker i samband med løfteoperasjonar.

Kompetansebevis blir utferda etter 32 timar køyretrening i bedrift eller 16 timar praktisk køyring på opplæringsstad før oppkøyring.

Stropp – anhuking og signalgiving

Føremålet med opplæringa er å gi kranførarar, anhukarar/stropparar og signalgivarar ei god generell grunnopplæring i sikker bruk av løftereiskapar og riktig signalgiving til kranførar, for å hindre ulykker.

Nedanfor finn du nokre lenkjer til løftetabellar for ulike løftereiskapar.

Løftekalkulator – fiberstroppar

Løftekalkulator – kjetting

Løftekalkulator – ståltau

Målgruppe

Målgruppa er personell som bruker traverskraner i arbeidssamanheng.