Hopp til innhald

Fagstoff

Helikoptervelt og evakuering

I grunnleggjande tryggleikskurs (GSK) får du øve på evakuering frå eit helikopter som har nødlanda på vatnet. Øvinga skal gjere deg kjend med kva du må gjere dersom denne situasjonen oppstår.
Ein person i kjeledress og med refleksvest og øyreklokker er i på veg mot eit Sikorsky S92-helikopter. Personen har ein hjulkloss i kvar hand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I nokre tilfelle er det naudsynt å lande eit helikopter på havet. I dårleg vêr kan det hende at helikopteret tippar rundt. I andre tilfelle krasjlandar helikopteret og veltar. Då er det veldig viktig at passasjerane veit kva dei skal gjere for å kome seg ut av helikopteret utan å kome til skade.

Dette trener vi på i grunnleggjande tryggleikskurs (GSK) og i repetisjonskursa (GSK Rep).

I denne korte filmsnutten ser du korleis øvinga helikoptervelt blir utført i bassenget: Helivelt - trening - Stavanger (youtube.com).

Du lærer

  • å ta imot beskjed frå piloten

  • å førebu deg til bruk av pustelunge

  • å førebu deg til frigjering av setebeltet

  • korleis du skal opne nødutgangen i vindauget

  • korleis du skal forlate helikopteret på ein kontrollert måte

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021

Læringsressursar

Kurs for offshore-arbeidaren