Hopp til innhald

Fagstoff

Liner i reservoarsona

I reservoarseksjonen bruker vi ein liner når formasjonen treng ekstra støtte. Han blir installert i reservoarsona og ankra i nedste casing i brønnen. Når lineren er installert, må han perforerast slik at det blir kontakt mellom brønnen og reservoaret.

Denne animasjonen viser korleis ein liner blir sett saman, installert og sementert i brønnen.

Tverrsnitt av ein fora brønn. Ein brønn er bora på skrå ned i ein formasjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til ettertanke

Filmen viser samanskruing og innkøyring av ein liner. Det blir gjort fleire testar før innkøyringa, undervegs og før «liner hangar»-en blir sett.

  1. Kan du namngi hovuddelane i ein liner?

  2. Kva testar blir gjorde?

  3. Kva er grunnen til at alt blir så testa nøye?

  4. Klarer du å beskrive hovudtrekka i ein installasjon av liner i brønnen?

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 18.07.2017

Læringsressursar

Nedre komplettering