Hopp til innhald

Fagstoff

Ope-hol-kompletteringar

Ope-hol-komplettering er løysingar der ein ikkje bruker semenert liner gjennom reservoaret. Ein kan likevel installere mykje anna utstyr, både for soneisolering og for sandkontroll.
Tverrsnitt av ei nedre komplettering. Dei ulike bestanddelane er namnsette med engelske omgrep. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ope-hol-komplettering

Den teknologiske utviklinga har gjort det mogleg å bore horisontale brønnar som går meir enn 10 000 meter ut frå startpunktet. Ein skulle tru at desse brønnane treng mykje utstyr til støtte for formasjonen for å hindre kollaps, men slik er det ikkje. Bergartane som fungerer som reservoar, er sterke og kan stå åleine utan problem. Det gjer det mogleg å få størst mogleg innstrøymingsareal inn i brønnen frå reservoaret.

Ei ope-hol-komplettering kan innehalde slotted liner, screen liner, soneisoleringsutstyr og screen med gruspakke på utsida. Det er òg mogleg med mange andre løysingar, og dei er vanlegvis tilpassa både reservoaret og budsjetta.

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2018

Læringsressursar

Nedre komplettering