Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk kjeldene

Når du har funne påliteleg, oppdatert og relevant informasjon, er neste steg å presentere denne informasjonen på rett måte og bruke korrekte kjeldetilvisingar i skuleoppgåver.

Oppgi kjelda!

Grunnregelen for god kjeldebruk er klar: Bruker du andre sine tekstar som kjelde, må du opplyse om dette. Dersom du ikkje gjer det, risikerer du å bli skulda for plagiering.

Det finst sjølvsagt ein del informasjon du kan bruke utan at du må vise til kjelda. Det gjeld til dømes vanleg allmennkunnskap, som at Tromsø ligg nord for polarsirkelen, eller at Erna Solberg er statsminister i Noreg. Også tankar og idear som du har fått ved å diskutere oppgåva di med andre, kan du bruke utan å oppgi kjelda. Men har du intervjua nokon, eller har du brukt lærebøker og andre skriftlege kjelder for å skaffe deg informasjon, skal du opplyse om dette.

Kjeldetilvisingar

Du kan presentere informasjon frå andre kjelder på to måtar. Den eine er å sitere. Då gjentek du ei kortare fråsegn eller eit avsnitt heilt ordrett. Den andre er å presentere eit avsnitt eller nokre viktige punkt frå ein tekst med eigne ord. Dette kallar vi å parafrasere.

Eit godt og profesjonelt skulearbeid skal ha ei litteraturliste som viser kva kjelder og hjelpemiddel du har brukt.

Plagiat

Å plagiere vil seie at du utgir for ditt eige noko som du har henta frå andre. Det er ikkje berre direkte avskrift som blir sett på som plagiering. Sjølv om du gjengir innhaldet med andre ord, er ikkje arbeidet ditt. Oppgi derfor alltid kjelda eller kjeldene du har brukt.

Konsekvensar for karakteren

Viss heile eller delar av oppgåva er avskrift, vil det få store konsekvensar for den formelle vurderinga (karakteren). Plagiering viser nemleg at du manglar forståing for korleis fagtekstar skal skrivast. God kjeldebruk er eit teikn på fagkompetanse og profesjonalitet og er derfor eit viktig vurderingskriterium.

Held du fram på høgskule eller universitet, vil uryddig kjeldebruk kunne føre til at du ikkje får godkjend oppgåvene dine, og at du kan bli utestengt frå studiet ei tid.

Ein allmenn regel

Regelen om at du ikkje skal ta andre sine idear eller produkt og utgi dei for å vere dine eigne, gjeld òg i yrkeslivet. Viss du som fagperson skal halde ein presentasjon og hentar bilete og informasjon frå bøker, blad eller nettsider, må du oppgi kjeldene. Det same gjeld dersom du bruker tekst og bilete frå andre kjelder i skriftleg eller digitalt informasjonsmateriell. Det styrkjer alltid truverdet ditt at du er etterretteleg i kjeldebruken.

Opphavsrett og gjenbruk

Alle som skaper eit åndsverk, har opphavsrett til sitt eige verk. Det er det grunnleggjande prinsippet bak opphavsretten. Vi lever i ein digital tidsalder der det er enkelt å kopiere åndsverk som andre har skapt. Då er det spesielt viktig å kjenne til kva lover og reglar som gjeld på dette området.

Relatert innhald

Vi lever i ein digital tidsalder der det er enkelt å kopiere åndsverk som andre har laga. Derfor er det viktig å kjenne til lover og reglar.

CC BY-SASkrive av Leif Harboe og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2020

Læringsressursar

Kjeldebruk