Hopp til innhald

Fagstoff

Informasjonskjelder

Det finst mange informasjonskjelder å velje mellom når du treng stoff til ei oppgåve.
Bøker og nettbrett på et bibliotek. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fagpersonar

Det er ofte lurt å begynne med dei menneskelege kjeldene før du kastar deg ut i boklesing og søk på Internett. Både lærarar, bibliotekarar og andre fagpersonar har vanlegvis spisskompetanse på nokre område, og brukbar oversikt over fagområdet sitt generelt. Dei kan gi deg nyttig informasjon og fortelje deg kor du kan leite vidare.

Lærebøker

Lærebøker – både trykte og digitale – er vanlegvis skreddarsydde i forhold til ein bestemt læreplan. Dersom du arbeider med eit emne frå læreplanen, skal du derfor finne relevant informasjon i læreboka di. Sjå på lærebokstoffet som grunnleggjande kunnskap som du supplerer med informasjon frå andre kjelder.

Fagbøker

I fagbøker finn du nyttig fordjupingsstoff om mange emne. Nokre fagbøker er berre meint for studentar på høgskolenivå eller for fagfolk, og dei kan språkleg sett vere nokså vanskelege. Vurdér nøye om det er bryet verdt å bruke desse kjeldene. Ofte finst det lettare tilgjengelege fagbøker som er berekna på lesarar som er interesserte i emnet, men som ikkje er fagfolk. Slike bøker har også vanlegvis eit enklare språk.

Oppslagsverk

Ulike typar leksikon er gode å ty til når du skal samle inn stoff om eit emne. Leksikonartiklar er skrivne av fagfolk, og dei seier mykje med få ord. Derfor kan innhaldet vere vanskeleg av og til. Dersom du leiter etter forklaringar på enkeltord, vil du truleg finne desse i ei vanleg ordbok.

Aviser, blad og tidsskrift

Informasjon frå aviser og blad er gjerne lett forståeleg og greitt presentert. Det er viktig å vite at avis- og vekebladstoff er produsert i et høgt tempo, og at det derfor kan snike seg inn feil i tekstane. Det vi les her, er òg ofte litt overflatisk fordi journalistane helst skal skrive kort og enkelt. I tillegg må du rekne med at stoffet av og til er noko einsidig vinkla og presentert.

I tidsskrift og spesialblad finn du gjerne ei grundigare behandling av eit tema. Tidsskriftskribentane har som oftast god tid til å arbeide med stoffet, og dei har vanlegvis gode førehandskunnskapar om det dei skriv om.

Brosjyrar, hefte og anna informasjonsmateriell

Statlege, fylkeskommunale og kommunale styresmakter, og dei fleste offentlege og private organisasjonane, gir ut mykje informasjon i form av hefte og brosjyrar. Dei er meinte for lesarar utan spesielle førehandskunnskapar og er oftast gratis. I dag finn du dessutan mykje av denne informasjonen på nettet.

Internett

Du kan finne informasjon om det meste på Internett, og svært mykje her er nyttig. Men du må alltid undersøkje om kjeldene du bruker er pålitelege og om dei held høg nok kvalitet.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Kjeldebruk