Samanlikn bobler og effektlydar i to teikneseriar
Det er stor forskjell på korleis teiknarane bruker boblespråk og lydeffektar i ein actionserie og i ei vanleg humorstripe. I denne oppgåva skal du beskrive og samanlikne bruken av bobler og andre lydeffektar i to teikneseriar.
Del 1: Miracleman
Studér sida frå serieheftet Miracleman.
- Kva for verkemiddel bruker teiknaren for å få fram dialogen og lydsida i scena?
- Korleis ser vi kven som snakkar slik at vi skjønner rekkjefølgja i dialogen?
- Korleis blir ulik lydstyrke uttrykt?
Del 2: Pondus
Sjå på Pondusstripa.
- Korleis er boblene teikna her, om du samanliknar med Miracleman?
- Korleis formidlar teiknaren stemmebruken til personane?
- Kor har teiknaren brukt lydmålande ord?
- Korleis passar bobletekst og lydeffektar til handlinga i dei to seriane?
Relatert innhald
CC BY-NC-SASkrive av Høgskolen i Bergen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2018