Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

F-ordet: Feminist eller feminazi?

Utforsk omgrepet "feminist" og bruk det til å diskutere, reflektere og skrive. Kan vi lære noko om gode diskusjonar av Ulrikke Falch og Kristine Ullebø?

I videoen under kan du sjå ein episode frå serien "Feminazi" frå NRK. Denne episoden handlar om omgrepet feminisme.

Oppgåve 1. F-ordet

  1. Kva legg du i omgrepet "feminist"? Bruk to minutt på å skrive ned alle tankane dine om kva ein feminist er. Diskuter etterpå med ein medelev.
  2. Søk etter ein definisjon frå ei nøytral, påliteleg og relevant kjelde, til dømes Store norske leksikon. Skil oppfatninga di av omgrepet seg frå den formelle definisjonen?
  3. Søk òg opp kjelder som ikkje er nøytrale, men som har teke stilling anten for eller mot feminisme. Finn skildringar av og definisjonar på kva feminisme er frå deira ståstad og skriv ned kva desse går ut på. Kva for nokon av desse ståstadene liknar mest på ditt?
  4. Sjå "Feminazi"-episoden. Kva seier Ulrikke Falch om det å vere feminist? Kva seier ungdomane som blir intervjua i starten av programmet om feministar? Kva er forskjellar mellom desse måtane å forstå omgrepet på? Kva trur du forskjellane kjem av?
  5. Korleis kan du bruke etos-omgrepet for å forstå kvifor Falch måtte arbeide for å nå fram til ungdomane i programmet?
  6. Ida og Jeanette snakkar om at dei reagerte på Falch sitt utspel mot bloggar Kristine Ullebø i NRK-debatten. Kva reagerte dei på? Korleis forklarer Falch standpunktet sitt når ho snakkar med jentene?
  7. Ida fortel at ho aldri har brukt sosiale medium til å leggje fram meininga si om noko. Kva trur du er grunnen til det?
  8. Diskuter med ein medelev: Etter erfaringane dykkar, kva deler ungdom på sosiale medium? Kvifor deler dei akkurat dette, trur de?
  9. Kristine Ullebø seier ho er redd for Ulrikke. Korleis grunngir ho det? Diskuter: Kan frykt vere ei årsak til at andre diskusjonar mellom meiningsmotstandarar blir fastlåste? Kven er du redd for å hamne i ein diskusjon med?
  10. Ullebø og Falch blir einige om at dei ikkje er motpolar, men at dei står saman. Korleis klarte dei å bli einige, sjølv etter å ha vore i ein ganske heftig konflikt? Kan vi lære noko av dei om korleis vi kan møte meiningsmotstandarar?
  11. Kva legg du i ordet "feminist" etter å ha sett programmet og jobba med oppgåvene over?

Relatert innhald

Kva det er som gir eller tar frå ein person truverd i ei sak? (I retorikken kalla etos).

Oppgåve 2. Ein sivilisert diskusjon om feminisme

Treng vi framleis feminisme i Noreg? Dette er eit tema som blir diskutert med stor intensitet i kommentarfelta, men diskusjonane blir ikkje alltid så fruktbare.

  1. Sit i mindre grupper og diskuter problemstillinga. Ikkje ha som mål å bli einige om eitt svar, men jobb med å få fram så mange ulike syn på saka som mogleg.
  2. Hald fram diskusjonen i klassen. Målet er å forstå kvarandre betre, ikkje at den eine sida skal vinne. Følg køyrereglane frå fagartikkelen om gode diskusjonar.
  3. Gjer ei evaluering av diskusjonen ut frå køyrereglane utan å hengje ut enkeltpersonar: først aleine, så i par, så i heile klassen. Bli einige om eit område de kan forbetre dykk på og eit område de er gode på.

Relatert innhald

Diskusjonverktøyet Samtavla kan òg brukast til diskusjonen. Her får de dele og sortere dei ulike synspunkta til klassen, noko som kan gi rom for fleire stemmer. Det kan òg vere nyttig å samle opp argument og grunngivingar til neste oppgåve.

Samtavla: Treng vi feminisme i Noreg i dag?

Oppgåve 3. Bruk F-ordet

Vel ei av oppgåvene:

  1. Skriv ei novelle med tittelen "Feminist". Temaet for novella skal vere likestilling mellom kjønna.Vel ein hovudperson som er av eit anna kjønn enn deg sjølv. Bruk personal synsvinkel. Legg vekt på å leve deg inn i korleis temaet blir opplevd frå ståstaden til hovudpersonen. Gi novella ein open eller overraskande slutt.
  2. Skriv ein fagartikkel der du forklarer og utdjupar kva feminisme handlar om. Presenter òg svaret ditt på spørsmålet "Treng vi framleis feminisme i Noreg?" og argumenter for kvifor du meiner dette er det rette svaret.
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2020

Læringsressursar

Å skrive argumenterande