Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Humor og tabu

Finst det grenser for kva ein kan spøkje med? Høyr kva komikar Sigrid Bonde Tusvik og medieforskar Lena Christin Kalle meiner om dette.

Eit viktig omgrep frå videoen: katarsis

  • Forskar Lena Christin Kalle bruker omgrepet katarsis når ho forklarer korleis humor verkar.
  • Ordet katarsis kan omsetjast med “reinsing av sinnet” eller avreagering, for å bruke eit meir moderne ord.
  • Den greske filosofen Aristoteles brukte ordet katarsis for å beskrive korleis tilskodarane skal kjenne seg etter å ha sett ein tragedie i teateret: rysta over lagnaden til helten, og letta over at det ikkje var dei sjølve som vart ramma.

Oppgåve 1

Sjå videoen og svar på spørsmåla.

  1. Kva er eit tabu? Slå opp ordet i bokmåls- eller nynorskordboka på nett.
  2. Finst det nokre tema komikar Sigrid Bonde Tusvik ikkje synest ho kan tøyse med?
  3. Kvifor bryt Sigrid Bonde Tusvik tabu heilt medvite? Kva vil ho oppnå med dette?
  4. Kva ler vi av, og kvifor ler vi, ifølgje forskar Lena Christin Kalle?
  5. Kalle meiner personleg at det må vere lov til å spøkje med absolutt alt. Korleis grunngir ho dette synet?
  6. Kalle nemner tre ting som ein tradisjonelt ikkje skulle spøkje med. Kva tre ting er det?
  7. Trur du at folk aldri spøkte med desse tinga i gamle dagar?
  8. Vurder klippa frå dei ulike humorprogramma som vert viste i videoen. Kvar går grensa etter ditt syn? Er det nokon sketsjar eller scener som du meiner går for langt? Grunngi svaret ditt.
  9. Er det ei fornærming eller ein kompliment å verte vitsa om i eit humorprogram som til dømes Nytt på nytt?
  10. Kan eller bør ein forby humor som verkar støytande?

Oppgåve 2

Skriv eit kort innlegg der du presenterer og grunngir synet ditt på kvar grensene går for kva det er greitt å spøkje med. Teksten din skal bestå av desse delane:

  • ein tittel som tydeleg viser standpunktet ditt
  • ei innleiing der du presenterer emnet
  • ein hovuddel som består av tre avsnitt; kvart avsnitt skal innehalde eitt argument som du utdjupar og underbyggjer med døme
  • ei avslutning der du oppsummerer og gjerne gjentek standpunktet ditt, men med litt andre ord enn i tittelen
CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Å skrive argumenterande