Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein tale?

Tale er ein tekst som blir framført for eit publikum, gjerne ved litt høgtidelege høve. Det finst fleire typar talar, og alle har sine sjangerforventningar. Felles er at teksten bør ha gjennomtenkt struktur og ha ein tydeleg bodskap.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Talar kan ha mange ulike formål

Politiske talar skal elde opp og overtyde, og politikarar må meistre alt frå korte appellar og debattinnlegg til store landsmøte-talar.

Høvestalar er talar ved ulike formelle og høgtidlege høve. Slike talar skal kaste glans over ei spesiell hending eller heidre ein person, og dei skal uttrykkje det dei frammøtte føler. Døme på høvestalar er 17. mai-talar og nyttårstalane til kongen og statsministeren.

Alle bør kunne halde ein tale

Men det er ikkje berre politikarane og medlemmane av kongefamilien som må lære seg å tale for forsamlingar. Også som privatpersonar er vi faktisk nøydde til å halde høvestalar nokre gonger i livet – i ein konfirmasjon kanskje, i eit bryllaup, ein bursdag, ei gravferd, kanskje også i jobben. Å kunne seie nokre velvalde, gode ord om ein person er ein viktig sosial dugleik. Ein slik tale treng verken vere lang eller veldig original for å gjere jobben sin, nemleg å glede eller trøyste.

Ein god tale er gjennomtenkt og godt planlagd

I ein tale er det orda som er viktigast. Av og til passar det godt å bruke bilete eller bakgrunnsmusikk, men først og fremst er det stemmebruk og kroppsspråk som skal understreke det som blir sagt med ord. I tillegg bør talaren kle seg etter høvet.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2020

Læringsressursar

Talar