Hopp til innhald

Fagstoff

Til lærar: forslag til årsplanar og arbeidsmåtar

Det er mange måtar å nå eit mål på. Her får du nokre forslag til korleis du kan arbeide med elevane dine for å nå kompetansemåla i norskfaget i LK20.
Lærar hjelper to elevar i klassrommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fagressursane i norskfaget på NDLA dekkjer alle kompetansemåla i læreplanen (LK20). Det rike utvalet av ressursar gjer at du kan tilpasse innhaldet til ulike elevgrupper og den måten du liker å undervise på. Vi håpar òg at forslaga våre kan inspirere deg til å prøve ut noko nytt.

Årsplan Vg1

  • Vi har laga eit forslag til årsplan med tema, arbeidsmåtar og vurderingssituasjonar. Last gjerne ned og tilpass til undervisningsgruppene dine.
  • Årsplanen speglar at fagfornyinga legg vekt på utforskande og tverrfagleg læring. Vi har lagt inn dei tverrfaglege temaa og kjerneelementa i eigen kolonne i planen. I tillegg har vi lagt inn forslag til kva fag det kan vere naturleg å samarbeide med om visse emne.

Filer

Utforskande læring

Årsplanen legg opp til mykje utforskande læring. For september foreslår vi til dømes å starte med kjerneelementet "Språket som system". Dei vedlagde ressursane gir deg forhåpentleg gode tips om korleis du kan jobbe utforskande med grammatikk.

Skriveopplæring

Skriveopplæringa har blitt endå viktigare i ny læreplan, ikkje minst ved at fagartikkelen som sjanger blir framheva i kompetansemåla. Det same gjeld for rettskriving og teiknsetjing. NDLA vil gjerne bidra til å gjere elevane til betre skrivarar. Årsplanen legg opp til at dei får øvd seg i både kreativ, analytisk og akademisk skriving.

Eit døme er læringsstien Korleis skrive fagartikkel?, som vi foreslår at elevane jobbar med på hausten. Denne stien tek elevane steg for steg gjennom heile skriveprosessen. Stien er første steg på vegen til akademisk skriving.

Nynorsk som sidemål?

La elevane skrive og lese nynorsk for å bli gode nynorskbrukarar, og knyt grammatikkopplæringa tett til det dei les og skriv. I framovermeldingar på tekstar kan du lenkje til e-forelesingar og artiklar som forklarer akkurat det elevane har gjort feil. Det finst interaktive øvingar til alle emna, slik at elevane etterpå kan teste om dei no meistrar det som har vore eit problem for dei.

Vi har mange ressursar som hjelper deg å differensiere opplæringa. Ein god start for mange med nynorsk som sidemål er læringsstien Ein enkel veg til heilt grei nynorsk. Andre elevar skal utfordrast meir og kan sendast til vårt meir omfattande Nynorskkurs.

La elevane finne stemma si

Eit viktig prinsipp i årsplanen er variert undervisning. Derfor foreslår vi at periodar med mykje skriftlege aktivitetar vekslar med periodar med vekt på munnlege aktivitetar. Til dømes er ressursane som handlar om å lese og diskutere litteratur funderte på prinsippet om at alle elevane skal bidra. Aktiv deltaking aukar oftast både engasjementet og lærelysta.

Vi har foreslått både fagsamtale, podkast og foredrag som vurderingsform. Men hugs på at eit foredrag kan vere mykje meir enn verbal einvegskommunikasjon. Sjekk til dømes ut ressursen 11 kreative tips til framføringar, som du òg finn i årsplanen.

Tips til vurderingsarbeid

Jakta på vurderingssituasjonar har tradisjonelt sett vore eit stressmoment for mange norsklærarar. No skal elevane berre ha éin skriftleg karakter, noko som forhåpentleg kan gi oss meir ro til å jobbe i prosess. Heitt tips: Ikkje bruk tid på å samle inn så mange vurderingar som mogleg! La heller klassen få tid til å skrive ofte og diskutere kva som er ein god tekst og eit godt språk.

Kanskje held det med tre vurderingar i løpet av hausten? Éi munnleg vurdering, éi i hovudmålet og éi i sidemålet?

Ulike vurderingsformer

Norsklæraren endar fort opp med mange innleveringar som det skal givast grundige tilbakemeldingar på. Det er ganske tidkrevjande, så kanskje tipsa våre om ulike måtar å vurdere kompetansen til elevane på kan hjelpe deg?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2020

Læringsressursar

Om faget