Hopp til innhald

Fagstoff

Lesestrategiar for digitale tekstar

Du møter fleire teksttypar i skulekvardagen din. Ofte skal du lese ein skriftleg tekst, anten i ei trykt bok eller digitalt. Få tips om korleis du kan bli ein betre lesar!
Gut som les på nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du vil sjå at det er mange like prinsipp som gjeld når du skal lære gjennom å lese, lytte eller sjå. Likevel er det forskjellar, ikkje minst fordi media tekstene finst i, har ulike styrkar og svakheiter.

Vi skal starte med å sjå litt nærmare på lesestrategiar som er tilpassa digitale tekstar.

Er det forskjell på analoge og digitale tekstar?

Digitale tekstar skil seg litt frå trykte tekstar. Det byr på både moglegheiter og utfordringar når du skal lese dei.

I digitale tekstar finn du gjerne lenkjer som fører deg til andre tekstar. Fordelen er at du kan finne nyttig informasjon i tekstane det blir lenkja til. Ulempa er at du kan miste leseflyten. Lenkjer kan også føre deg langt unna den teksten du opphavleg skulle lese.

Når tekstar er digitale, er det lett å kopiere og lime inn tekst i eigne svar. Det er lite læring i dette. Du lærer først når du er aktiv og arbeider med det du les. Nokre digitale tekstar lar deg annotere (markere og notere) i teksten. Det finst også eigne annoteringsverktøy som Diigo. Dette verktøyet er også fint å bruke til å samle og halde orden på kjelder du bruker når du sjølv skal produsere tekst.

Ein viktig fordel med digitale tekstar er at du kan markere teksten og få han lesen opp. Det kan vere ei fin avveksling frå å lese, og for nokon er lytting den føretrekte måten å lære på.

Kva slags strategiar kan du bruke?

Denne titrinns-metoden kan brukast på alle skriftlege tekstar:

  1. Start med å få eit overblikk over kva teksten handlar om. Les titlar, sjå på bilete og bilettekstar.
  2. Tenk over kva du veit om emnet frå før. Skriv gjerne stikkord.
  3. Legg inn ein lesestopp før kvar ny overskrift.
  4. Ved kvar lesestopp tar du blikket vekk frå teksten og formulerer innhaldet i det du har lese med eigne ord. Det er ikkje så viktig her at du hugsar detaljar.
  5. Bruk gjerne eit tankekart til å notere i. Lag ei boble til kvar overskrift i teksten du les, og skriv med eigne ord ut frå desse.
  6. Skriv også ned spørsmål du har til innhaldet, noko du lurer på og som du får lyst til å finne ut av.
  7. Hvis du ikkje klarer å gi att hovudinnhaldet i avsnittet du har lese, bør du lese det om att.
  8. Bruk tid på å finne forklaringar på vanskelege ord og dårlege forklaringar. Du kan til dømes sjekke ei ordbok, eit leksikon eller spørje læraren.
  9. Avslutt med å lese gjennom heile teksten i eitt. Deretter les du gjennom notata dine. Har du fått med deg det viktigaste?
  10. Heilt til slutt: Bruk tankekartet eller notata dine som utgangspunkt for å fortelje att innhaldet med eigne ord, gjerne til ein medelev. Du kan også skrive ein kort tekst som summerer opp innhaldet. Dette siste arbeidet er kanskje det viktigaste du gjer for å hugse det du har lese.

Ein slik lesestrategi gjer at du får lese grundig, og i tillegg får du sjekka at du har forstått det du har lese. Når du les digitale tekstar bør du i tillegg utnytte fordelane og redusere ulempene slike tekstar kan ha:

Viktige strategiar for digitale tekstar

  1. Få eit overblikk over kva for ekstra ressursar som ligg i teksten. Er det videoar eller lenker til andre artiklar som kan vere nyttige?
  2. Ofte er det best å lese gjennom heile teksten før du eventuelt trykkjer deg inn på ei lenkje eller set i gang ein video.
  3. Ver kritisk til kva for lenkjer du trykkjer på. Treng du informasjonen i denne lenkja for å forstå det du les? Viss ikkje, styr unna. Du kan hamne langt unna temaet du skal lære noko om akkurat no.
  4. Ver ein aktiv lesar. Bruk digitale verktøy for å notere og kommentere i teksten du les, eller bruk andre notatverktøy.
  5. Lagre lenkja til teksten du les i notata dine. Du kan få bruk til ho til ei kjeldeliste, eller om du vil lese teksten på nytt.
  6. Ta også gjerne vare på lenkjer du har funne inni teksten viss du tenkjer at det kan vere nyttig å sjå nærmare på dei i ein annan samanheng. Hugs då å notere kort i kva for samanheng du trur teksten eller videoen vil vere nyttig å lese eller sjå.

Prøv ut strategiane på ein digital tekst: Sjå nærmare nettstaden vilbli.no. Du skal finne ut kva du kan bli når du er ferdig med videregåande skule.

Diskuter med ein medelev:

  • Kor lett er det å hente informasjon ut av denne digitale teksten?
  • Korleis gjekk de fram for å finne informasjonen?
  • Kva for lenkjer klikka de vidare på? Kvifor klikket de på akkurat desse lenkjene?
  • Var alle klikka like nyttige?

Kort summert opp

  • Ver aktiv og kople deg på tema du skal lese om – kva kan du frå før?
  • Vent med å klikke på lenkjene til du har lese heile teksten ein gong.
  • Stopp undervegs, skriv ned stikkord og/eller forklar med eigne ord.
  • Skriv óg ned det du lurer på eller ikkje forstår, så kan du finne svar i etterkant.
  • Snakk eller skriv om det du har lese.
CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2019

Læringsressursar

Om faget