Hopp til innhald

Fagstoff

Gjennomstrøymingsmåling

I prosessanlegg betyr omgrepet gjennomstrøymingsmåling at vi måler kor mykje væske eller gass som strøymer gjennom eit røyr på eit gitt tidspunkt. Her skal vi sjå på korleis vi kan gjere slike gjennomstrøymingsmålingar.
Industrielt røyropplegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trykkmåling

Trykkmanometer. Foto.

Veldig mange trykkmålarar fungerer på den måten at dei måler ein trykkforskjell. Det vil seie at to trykk blir samanlikna, og vi får ut forskjellen mellom dei to trykka. Når vi til dømes måler trykket i ein tank eller eit røyr, samanliknar vi dette med atmosfæretrykket (det lufttrykket vi har rundt oss heile tida).

Prosesstrykk

Men i mange tilfelle kan det vere interessant å samanlikne to prosesstrykk. Når vi gjer det, kan vi utnytte trykkmålarar til mange andre ting enn berre å måle trykk! Ein svært vanleg bruk av trykkmålarar er å måle gjennomstrøyminga av ein gass eller ei væske i eit røyr. Korleis i all verda er det mogleg?

Tenk deg at ein gass eller ei væske strøymer gjennom eit røyr med stor diameter. Plutseleg dukkar det opp ei innsnevring i røyret. Sidan det strøymer akkurat like mykje gjennom den smale delen av røyret som i den breie delen, må farten vere mykje større der røyret er smalt.

Bernoulli-prinsippet

Når farten aukar, søkk trykket mot røyrveggene. Det betyr at vi kan måle ein trykkforskjell mellom den breie delen av røyret og den smale delen. Kor stor trykkforskjellen er, avheng av kor mykje som strøymer i røyret. Dermed kan vi måle kor mykje som strøymer i eit røyr berre ved å måle ein trykkforskjell! Denne effekten blir kalla Bernoulli-prinsippet.

Bernoulli-prinsippet seier at trykket i ein gass eller i ei væske vil søkke når farten aukar. Vi kan bruke dette prinsippet for å gjere gjennomstrøymingsmålingar.

Teikning av eit venturirøyr som illustrerer bernoulliprinsippet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måleblende

Røyr med flensar. Foto.

Som regel lagar ein ikkje eit røyr med ei innsnevring slik som figuren her viser. I staden lagar ein ei plate med hol i og monterer denne plata i røyret (mellom to flensar). Dette blir gjerne kalla for ei «måleblende».

Ein flens er ei «leppe» som er montert i enden av eit røyr. Flensen har hol for boltar, slik at ein til dømes kan skru to røyr saman.

Det finst mange andre måtar å måle gjennomstrøyming på, men metoden vi har sett på her, er veldig mykje brukt i prosessindustrien.

Teikning av ei måleblende. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 13.08.2018

Læringsressursar

Måling i prosessanlegg