Arbeidsoppdrag
Vi bruker multimeter på lys
Du blir beden om å hjelpe til for å finne ut kvifor den eine lampa i køyrelyset på ein bil ikkje lyser. Du har tilgang til eit digitalt multimeter. Beskriv korleis du går fram for å finne ut kvar feilen ligg.
- Kor stor resistans har ei lampe som skal koplast til 12 volt når det går 2 ampere gjennom ho?
- Kor stor straum går det gjennom ei lampe med ein resistansverdi på 2,4 ohm når ho er kopla til 12 volt?
- Ei lampe har ein resistans på 10 ohm og ei anna har 15 ohm. Kva lampe går det mest straum gjennom?
- Kor stor effekt har ei lampe som blir kopla til 12 volt når det går 5 ampere gjennom ho?
- Kor stor effekt har ei lampe som blir kopla til 12 volt når ho har ein resistans på 1,2 ohm?
- Kva er grunnen til at somme materiale er gode leiarar av straum og andre materiale ikkje leier straum? (Forklar det med korleis eit atom er bygd opp.)