Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Kontroll motstandar

I denne oppgåva skal du trene på å lese fargekodar på motstandar. Bruk ohmmeteret i eit universalinstrument til å kontrollere at du har tyda kodane riktig.

I dei fleste straumforsyningar og styringseiningar blir straumane avgrensa av resistorar.

  1. Demonter deksla på ei elektronisk styreeining, eit multimeter eller straumforsyninga slik at komponentane blir tilgjengelege for måling. NB! Hugs å kople bort tilførselsspenning før du demonterer!
  2. Les av fargekoden på to av resistorane. (Fargekoden kan bestå av 4, 5 eller 6 ringar.)

    Ring 1

    Ring 2

    Ring 3

    Ring 4

    Verdi ifølgje fargekode

    Målt verdi


  3. Kontroller at resistoren har den verdien fargekoden oppgir. Bruk ohmmeter, og før verdiane inn i tabellen over.
  4. Alle resistorar blir produserte med ei toleransegrense ½, 1, 2, 5, 10 eller 20 prosent. Kontroller at dei to resistorane har verdiar som ligg innanfor oppgitt toleransegrense.