Hopp til innhald
Fagartikkel

Symbol i flytskjema

Når du teiknar flytskjema, er hensikta å skaffe ei oversikt over prosessen og kunne sjå samanhengen mellom dei ulike einingsoperasjonane. Flytskjemaa kan ein teikne med boksar (med ein beskrivande tekst inne i boksen) eller med enkle symbol som førestiller dei ulike prosesseiningane.

Her finn du ei oversikt over nokre vanlege symbol som blir brukte i kjemisk prosessindustri. Det finst mange fleire, men ofte bruker ein berre firkanta boksar. Det viktigaste er at flytskjemaet er enkelt å forstå!

CC BY-SA 4.0Skrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2019