Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Flytskjema

I desse oppgåvene skal du teikne flytskjema.

Bruk gjerne enkle figurar som liknar litt på dei ulike utstyrseiningane, eller bruk boksar der du skriv namnet på einingane inne i dei (for eksempel "forgassar"). Hugs at du ikkje skal lage eit skjema som forklarer korleis utstyret ser ut – det viktigaste er å forklare korleis prosessen fungerer! Teikn pilar mellom dei ulike utstyrseiningane slik at gangen i prosessen kjem klart fram.


Motorrommet til ein bil der det er montert ein kraftig motor. Foto.

Bensinmotor

I prosessindustrien finn vi ofte forbrenningsprosessar, men du kjenner sikkert allereie til slike prosessar frå før. I forbrenningsmotorane vi har på mopedar, motorsyklar og bilar, går det nemlig føre seg ein forbrenningsprosess.

Du skal teikne eit flytskjema for denne prosessen. Råvara er bensin, og produktet er energi. Kunden (den som tek imot energien) er stempelet i motoren. Du treng derfor ikkje å ta med akslingar og hjul. Avfallet frå denne prosessen er eksos. Dei ulike operasjonane i prosessen kan for eksempel vere bensintank, filter, pumpe, forgassar/innsprøytingssystem, sylinder, katalysator og lyddempar. Viss du har god greie på bilmotorar, kan du i tillegg prøve å teikne eit flytskjema for ein turbomotor!

Grovbrød. Foto.

Bake brød

Brødbaking kan òg reknast som ein prosess. Ein viktig del av denne prosessen er gjæring (fermentering), og dette er ein kjemisk prosess som òg blir brukt i industrien. Du skal setje opp eit flytskjema som startar med blanding av råvarene (mjøl, gjær og vatn), og som endar med eit ferdig steikt brød.

Her er eit lynkurs i brødbaking: Bland råvarene, men pass på at vatnet er temperert. La deigen heve. Når han er ferdig heva, kan du bake ut brødet. Deretter skal det steikjast. Så er brødet ferdig!


Eit basseng med kloakkslam på eit renseanlegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rensing av avløpsvann

Kvar einaste dag produserer du og eg store mengder avløpsvatn, for eksempel kloakk. Dette vatnet må bli reinsa før det blir sleppt ut i naturen. Reinsinga går som regel føre seg i kommunale reinseanlegg, og vi skal her sjå på denne prosessen.

Nedanfor finn du ei prosessbeskriving for eit kloakkreinseanlegg. Les nøye gjennom teksten og prøv å lage eit flytskjema som beskriv den same prosessen. Hugs at du skal prøve å forklare korleis prosessen er – ikkje korleis anlegget ser ut! Er du usikker på kva slags symbol/figurar du skal bruke, så teikn ein firkanta boks med ein forklarande tekst inni.

Når avløpsvatnet kjem inn til reinseanlegget, må det først bli grovreinsa. Folk kan finne på å hive dei raraste ting i do, og ei grov rist sørgjer for å fange opp dei største gjenstandane (ting som eigentleg burde ha vore kasta i søpla).

Etter at avløpsvatnet har vore gjennom den grove rista, blir det ført inn i ein såkalla sedimenteringstank. Her fell sand og andre partiklar til botnen, samtidig som feittstoff stig til overflata. Både partiklane og feittet kan no enkelt fjernast frå vatnet.

Ein del partiklar er så små at dei ikkje kan fjernast i sedimenteringstanken. Vatnet frå sedimenteringstanken blir derfor ført vidare til ein tank der det blir tilsett kjemikaliar. Desse kjemikaliane får dei små partiklane til å felle ut (søkke til botnen). Dermed kan òg de små partiklane blir fjerna frå vatnet.

Til slutt blir avløpsvatnet ført inn i ein biologisk reinsetank. Sjølv om det no er fritt for både store og små partiklar, inneheld det framleis ein del såkalla næringsstoff (fosfor- og nitrogenbindingar). I den biologiske reinsetanken blæs ein inn oksygen, og dette gir gode forhold for bakteriar som lever av næringsstoffa. Når bakteriane “et” næringsstoffa, blir gassen karbondioksid danna. Bakteriane endar opp som slam. Ut frå denne tanken kjem det derfor tre ting: det ferdig reinsa vatnet, gassen karbondioksid og slam.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2018

Læringsressursar

Flytskjema