Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Tverrfagleg oppgåve om Badesalt og skrubb UB

Badesalt og skrubb UB treng di hjelp når dei no skal utvikle ein forretningsplan og planleggje ein marknadsføringskampanje. Vis også korleis dei kan dra nytte av nettverkssamarbeid i dette arbeidet. Lykke til!
Fotografi av ei gruppe ungdommar som står tett saman på rekkje og smiler.
Om Badesalt og skrubb UB

Ungdomsbedrifta Badesalt og skrubb UB har følgjande forretningsidé:

«Vi skal selje badesalt og skrubb til menneske som er opptekne av helse og velvære. Produkta er laga lokalt med miljøvennlege ingrediensar.»

Ungdomsbedrifta skal sjølv blande saman badesalt av havsalt og lavendel og selje det i små glasflasker. Dei har funne lokale leverandørar, ein som vinn ut salt frå havvatn, og ein annan som dyrkar økologisk lavendel.

Dei har også fått ein avtale med eit lokalt hotell som er villig til å tilby produktet til kundane sine.

Dette er ei tverrfagleg oppgåve som kjem inn på tema frå alle programfaga på sal og reiseliv vg2. Ho eignar seg som ei individuell heildagsprøve med framføring, eller som ei gruppeoppgåve som går over noko tid.

Oppgåve 1 – Nettverkssamarbeid

  • Forklar kva som blir meint med eit nettverk.

  • Gi konkrete døme på kven Badesalt og skrubb UB kan ha i nettverket sitt. Teikn gjerne opp nettverket.

  • Forklar korleis Badesalt og skrubb UB kan ha nytte av eit nettverkssamarbeid når dei skal skrive forretningsplanen og planleggje ein marknadsføringskampanje.

  • Gi konkrete døme på korleis Badesalt og skrubb UB kan få støtte til profesjonell og fagleg utvikling gjennom nettverket sitt.

Oppgåve 2 – Forretningsmodell/forretningsplan

  • Forklar kvifor det er viktig å utarbeide ein forretningsmodell/forretningsplan.

  • I den vedlagde artikkelen Kva er ein forretningsmodell får de ei innføring i bruk av Business Model Canvas. Skriv av modellen og fyll ut for Badesalt og skrubb UB. Få med korleis dei tenkjer berekraft i alle ledd av ungdomsbedrifta.

Oppgåve 3 – Marknadsføringskampanje

Med utgangspunkt i forretningsidéen og forretningsplanen skal de planleggje ein marknadsføringskampanje for Badesalt og skrubb UB. I arbeidet med marknadsføringskampanjen skal de

  • beskrive målgruppa

  • forme ut bodskapen

  • velje ut relevante kommunikasjonskanalar

  • forklare korleis de tek omsyn til forbrukaråtferd og medievanane til målgruppa

Aktuelle kompetansemål

Forretningsdrift

  • utvikle, presentere og vurdere ein forretningsplan ut frå eit berekraftperspektiv

  • reflektere over og forstå korleis berekraft blir teke omsyn til i ei verdikjede

Innovasjon og marknadsføring

  • planleggje og gjennomføre ein marknadsføringskampanje til ei sjølvvald målgruppe og presentere korleis forbrukaråtferda og medievanane til denne målgruppa er tekne omsyn til

Kultur og kommunikasjon

  • utforske korleis nettverk og nettverkssamarbeid kan gi støtte for profesjonell og fagleg utvikling

  • utforske ulike kommunikasjonskanalar og kommunisere munnleg og skriftleg med ulike målgrupper

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022

Læringsressursar

Om faget forretningsdrift – for læraren