Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Tverrfagleg heildagsprøve – Hotel Union Øye

Forslag til tverrfagleg heildagsprøve som dekkjer sentrale kompetansemål i alle dei tre programfaga.

Førebuing – bakgrunnsinformasjon om hotellet

På Øye i enden av Norangsfjorden ligg eit av Europas mest herskapelege hotell. Hotel Union Øye har i generasjonar vore eit attraktivt reisemål for kongelege, forfattarar og andre. Heilt sidan opninga i 1891 har hotellet vore ein stad der gjestane kjem for å nyte stille, ro og det gode livet i storslegne omgivnader. Å bu på Hotel Union Øye er som å gå tilbake i tid.

Herskapeleg

Hotellet har tretti rom som alle er individuelt dekorerte og møblerte med nøye utvalde antikvitetar. Romma er kalla opp etter kjende personar som har budd på hotellet gjennom tidene: keisar Wilhelm II, kong Oscar II, dronning Maud og kong Haakon, forfattarane Karen Blixen, Knut Hamsun og sir Arthur Conan Doyle og ikkje minst komponisten Edvard Grieg.

Dei tre etasjane i hotellet er som eit levande museum. Kvar dag får besøkjande høve til å sjå inn på ledige hotellrom. Spaser ein tur i gangane og drøym deg tilbake i tid.

Les meir om hotellet

Hotel Union Øye

Tema

  • budsjettkontroll
  • berekraft og marknadsføring
  • rekruttering

Oppgåver

Hotel Union Øye førebur seg no til sommarsesongen. Du er tilsett på hotellet. Leiinga meiner at du, med utdanninga di, har kompetanse nok til å vere med og utforme drifta og strategiane til hotellet på ulike nivå.


1. Leiinga ønskjer at du skal utføre ein budsjettkontroll og kommentere avvika. (Tala er oppdikta.)

budsjettkontroll

Omsetning

Budsjett 20xx
i kr

Rekneskap 20xx
i kr

Losjisal

7 500 000

7 000 000

Varesal

4 500 000

5 422 000

Total omsetning

12 000 000

12 422 000

Varekostnad

2 250 000

2 950 000

Bruttoforteneste

9 750 000

9 472 000

Personalkostnad

4 700 000

5 336 000

Andre faste kostnader

2 800 000

2 585 000

Sum faste kostnader

7 500 000

7 921 000

Resultat

2 250 000

1 551 000

  1. Rekn ut og kommenter avvika mellom budsjettet og rekneskapen.
  2. 85 prosent av varekostnadene er knytte til varesalet og dei resterande til losjisalet. Berekn bruttoforteneste for høvesvis varesal og losjisal i kroner og i prosent.
  3. Kva type sal gir den beste lønnsemda for hotellet?

2. Hotellet ønskjer å bli meir berekraftig. Dagleg leiar ber deg derfor undersøkje korleis andre hotell profilerer seg som berekraftige. Lag ein Powerpoint-presentasjon der du presenterer funna dine.


3. Med bakgrunn i omgrepet berekraftig reiseliv skal du komme med forslag til aktivitetar/produkt som Hotel Union Øye kan tilby gjestane sine i sommarsesongen. Ta med ei vurdering av målgrupper og korleis du vil marknadsføre aktivitetane/produkta.


4. I planlegginga for kommande sesong må hotellet tilsetje fleire medarbeidarar. Leiaren vil ha råd frå deg om korleis rekrutteringsprosessen kan gjennomførast.

CC BY-SA 4.0Skrive av Olav Knudsen, Tone Hadler-Olsen og Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2021