Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: Gi dei stemmelause ei stemme

I dette arbeidsoppdraget skal du og medelevane dine lage ein enket i form av tekst og stillbilete eller i videoformat. Mottakarar av medieforteljinga er kommunepolitikarar på heimstaden din.
Gut skrik inn i ein mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med oppgåva er

  • å vise at du kan planleggje, utvikle og presentere ei medieforteljing i samarbeid med andre

  • å bidra til å løfte fram viktige ytringar frå menneske som til vanleg ikkje deltek i den offentlege samtalen

  • å vise at du forstår kva som blir meint med omgrepa ytringsfridom og ytringsansvar, og kan reflektere over kvifor nokon stemmer ikkje slepp til eller ikkje blir høyrde i den norske samfunnsdebatten

  • å øve på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve

Arbeidsoppdrag

Forarbeid

Sett dykk grundig inn problemstillingane i fagartiklane om ytringsfridom og ytringsansvar, og finn ut kva ein enket er.

Diskuter dykk fram til kven som kan karakteriserast som «dei stemmelause» i byen eller bygda de bur i.

Lag ei liste over moglege intervjuobjekt som tilhøyrer dei gruppene de meiner sjeldan kjem til orde. De skal intervjue i alt ti personar.

Opptak og redigering

I enketen skal de stille følgjande fire spørsmål til alle dei ti intervjuobjekta:

  1. Dersom du skulle velje ei sak som du synest er spesielt viktig for byen/bygda vår, kva sak hadde det vore?

  2. Kvifor er nettopp denne saka viktig for deg?

  3. Kva meiner du om denne saka?

  4. Kva bør politikarane gjere i denne saka?

Før de gjer opptak, må de informere intervjuobjekta om kva enketen skal brukast til og be om samtykke til publisering. Dersom de intervjuar barn eller psykisk utviklingshemma, må føresette eller verje gi samtykke.

Rediger saman tekst og stillbilete ved hjelp av eit digitalt presentasjonsverktøy eller eit Desktop Publishing-verktøy, eller bruk eit videoredigeringsverktøy til å redigere videopptaka til ein samanhengande video.

Presentasjon for målgruppa

Enketen skal presenterast for lokale politikarar i form av

  • ein avtalt presentasjon på eit møte i bystyret/kommunestyret

  • ei eiga sak i lokalavisa, eller

  • eit videoinnslag på lokal-TV

Etterarbeid

Ta kontakt med ein representant for kvart av dei politiske partia som er aktiv i lokalpolitikken på heimstaden din, og be om tilbakemelding på kva dei tenkjer om dei ytringane som kjem fram i enketen.

Lag deretter eit refleksjonsnotat der du mellom anna reflekterer over kvifor det er viktig at nokon tek ansvar for å vere stemma til dei stemmelause.

Relatert innhald

Det finst menneske som ikkje kan ytre seg, eller sjeldan blir lytta til. Vi har alle eit moralsk ansvar for å vere stemma til dei stemmelause.

Intervjuet er ein viktig arbeidsreiskap i all form for journalistikk. Samstundes er det ein eigen journalistisk sjanger.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2021

Læringsressursar

Munnleg-praktisk eksamen i MIK 2