Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: Kvantitativ tekstanalyse

Her skal de øve dykk på å løyse eit praktisk-munnleg arbeidsoppdrag. De skal gjennomføre ein kvantitativ tekstanalyse av medietekstar frå ulike sjangrar og reflektere over det de finn ut.
Ei brud i rullestol. Ho har kvit brudekjole, slør og pene smykke. Ho sit og kviler haka på handa og ser tankefullt opp i lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med oppgåva er

  • å øve på å utforske og

  • å øve på å analysere ut frå ein

  • å reflektere over samanhengar mellom form og innhald i medieforteljingar

Arbeidsoppdrag

  • Når vi gjer ein kvantitativ tekstanalyse, undersøkjer vi kor ofte noko finst i éin eller fleire tekstar.

  • I dette arbeidsoppdraget skal de undersøkje kor ofte bilete av personar med finst i eit utval medietekstar som tilhøyrer ulike sjangrar, kva motiv som blir brukte, og kva roller personane opptrer i.

  • De skal undersøkje desse mediesjangrane:

    • sportsreportasjar

    • nyheitssendingar

    • kriminalseriar

    • digitale valbrosjyrar

    • reklametekstar i nettaviser

1: Registreringsfasen

Del klassen i fem grupper. Kvar gruppe vel ut ti ulike medietekstar som tilhøyrer den sjangeren gruppa har fått tildelt.

Gruppene skal registrere

  • kor ofte det finst bilete av personar med funksjonsnedsetjing

  • korleis personane opptrer som motiv i biletet (portrett, heilfigur med hjelpemiddel, i aksjon osb.)

  • kva rolle personane har i medieforteljinga (helt, offer, hjelpetrengande osb.)

Bruk eit skjema som dette i registreringsarbeidet:

Sjanger

Medietekst

Talet på bilete

Motiv

Roller

1.

2.

3.

4.

5.

6.

7.

8.

9.

10.

2: Systematiser dataa gruppevis

  1. Tel opp kor mange bilete de har funne av personar med funksjonsnedsetjing i den tekstsjangeren de har undersøkt.

  2. Sorter i bileta i ulike kategoriar, og tel opp kor mange bilete som tilhøyrer kvar kategori. Ein motivkategori kan til dømes vere "person med hjelpemiddel" (til dømes ei kvinne i rullestol).

  3. Sorter også bileta ut frå den rolla personane har i forteljinga, og tel opp kor mange bilete som tilhøyrer kvar rollekategori (til dømes kategoriane "helt", "offer", "hjelpetrengande" osb.).

  4. Lag ein digital presentasjon som viser kva de har funne ut. Ta med biletdøme.

3: Analyser funna de gjer, saman i klassen

Når registreringsarbeidet i gruppene er ferdig, slår de saman registreringsskjemaa til eitt stort, felles skjema som alle i klassen har tilgang til.

Gruppene viser etter tur dei digitale presentasjonane sine for resten av klassen.

4: Reflekter saman:

  1. Kva sjanger har flest bilete av personar med funksjonsnedsetjing?

  2. Kva motiv går oftast igjen? Kva er årsaka til det?

  3. Kva rolle er personane tildelte i medieforteljingane? Korleis er desse rollene med på å forme den oppfatninga vi har av personar med funksjonsnedsetjingar?

  4. I kva grad er den undersøkinga de har gjort, representativ? Kva for nokre openberre feilkjelder finst det?

5: Individuell refleksjon og rapportering

Skriv ein individuell refleksjonsrapport der du gjer greie for det klassen fann ut om korleis personar med funksjonsnedsetjingar blir framstilte i ulike medieforteljingar.

Reflekter også over korleis medieforteljingar påverkar måten vi oppfattar oss sjølve og andre på.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Munnleg-praktisk eksamen i MIK 2