Hopp til innhald
Fagartikkel

Marknadsføring på Facebook

Facebook er ein viktig marknadsføringskanal for mange bedrifter. Du kan marknadsføre bedrifta di frå di eiga bedriftsside på Facebook, og du kan kjøpe annonsar.

Facebook-side for bedrifter

Det første steget for å drive marknadsføring på Facebook er å opprette ei eiga Facebook-side for bedrifta. Det kostar ingenting å opprette ei slik side, og bedrifta kan bli synleg på det mest brukte sosiale mediet i Noreg.

Her finn du nokre døme:

Facebook-sida til BIK BOK

Facebook-sida til Uno-X Norge

Facebook-sida til Haaheim Gaard

Utforming av innlegg

På Facebook kan du som bedrift halde kontakt med kundar via innlegg, kommentarar og private meldingar. For å nå ut til flest mogleg er det viktig å legge ut innhald som skaper engasjement.

Innlegga på sida må ha ein enkel bodskap som treff målgruppa. Bruk gjerne humor og sprei glede. Då er det større sjanse for at du får likes, kommentarar og delingar. Mange stiller spørsmål i innlegga sine for å auke engasjementet i form av kommentarar. Det er då viktig å anerkjenne engasjement ved å svare på kommentarar.

Målretting av innlegg

Ved publisering av eit innlegg kan du velje kven som skal sjå innlegget. Du kan velje mellom offentleg, avgrensa publikum eller målretting i nyheitsoppdateringa.

Vel du målretting, kan du nå ønska publikum ved å legge inn val for kven du ønsker skal sjå det aktuelle innlegget. Du beskriv ønska publikum ved å legge inn interesser, alder, kjønn, språk og sivilstatus.

Ei bedrift som sel russeklede, kan til dømes målrette innlegga mot ungdommar av begge kjønn, 17–19 år, busette i Noreg.

Konkurransar på Facebook

Mange bedrifter har konkurransar på Facebook for å skape engasjement. Du har sikkert delteke i ein slik konkurranse.

Det er viktig at konkurransar eller utloddingar følger god marknadsføringsskikk i høve til marknadsføringslova. Marknadsføringa må ikkje krenke allmenne etikk- og moraloppfatningar. Det er blant anna ikkje tillate med kjønnsdiskriminerande reklame. Les marknadsføringslova hos Lovdata og les artikkelen "Marknadsføringslova".

Det er òg eigne retningslinjer for marknadsføring på Facebook. Det er blant anna ikkje tillate å ha deling eller tagging som vilkår for å kunne vinne eit produkt. Lik og kommenter er derimot tillate. Du må òg ha med dato for trekking.

Finn ein konkurranse på Facebook

Undersøk om han følger marknadsføringslova og retningslinjene til Facebook.

Fremme eit innlegg på Facebook

Det er avgrensa kor mange av følgarane dine som får innlegga dine opp i nyheitsoppdateringa si. Kven som får sjå innlegga dine, blir avgjort av Facebook sine algoritmar.

Ønsker du å nå fleire, kan du betale for å fremme innlegg. Det er veldig enkelt. Etter at du har lagt ut innlegget, klikkar du på "Frem innlegget". Så vel du målgruppe, budsjett og kor lenge fremminga av innlegget skal vare.

Annonse på Facebook

For å annonsere på Facebook, klikkar du inn på Facebook Business. Her har dei sett opp sju trinn for å opprette ein annonse og måle effekten av annonsen.

Mens fremming av innlegg blir gjort frå bedrifta si Facebook-side, går annonsar direkte frå annonsesenteret til Facebook.

Bruk av informasjonskapslar

Når du går inn på ei side du ikkje har vore inne på før, får du ofte opp denne meldinga:

Vi bruker informasjonskapslar (cookies) til å lagre vala du gjer på nettstaden vår, og til å samanstille statistikk og personleggjere marknadsføringsframstøytane våre. Viss du klikkar for å halde fram på nettstaden, godtek du at vi bruker informasjonskapslar.

Bedrifta bruker då informasjonskapslar for å spore aktiviteten din på nettsida deira.

For å kunne målrette annonsen din best mogelg, bør du knyte bedrifta si nettside opp mot bedrifta si Facebook-side. Dette gjer du ved å opprette noko som blir kalla ein piksel i Facebook sitt annonseverktøy. Pikselen er ein kode som du deretter installerer på bedrifta si nettside.

Ved hjelp av Facebook-pikselen kan du lettare måle effekten av annonsane på Facebook. Han registrerer aktiviteten som skjer på nettsida di etter at nokon har klikka på annonsen, til dømes kor mange som kjøper noko frå nettsida i etterkant.

Remarketing

Ein Facebook-piksel kan òg brukast til det vi kallar remarketing, som vil seie å vise annonsen til dei som allereie har besøkt nettstaden din. Det er derfor det ofte dukkar opp annonsar på Facebook for sider vi nettopp har søkt på i nettlesaren.

Vi kan òg bruke remarketingprinsippet for å nå nye kundar ved å spegle dei noverande kundane våre. Pikselen registrerer dei som besøker nettstaden vår og rettar annonsen mot folk som liknar på desse, tilsvarande interesser, alder, kjønn med meir. På denne måten kan vi målrette annonsen mot nye kundegrupper, som forhåpentlegvis òg vil vere interesserte i produkta våre.

Omgrep

Algoritme
Dette er eit program som fortel datamaskina steg for steg kva ho skal gjere. Facebook sin algoritme er programmet/prosedyren som bestemmer kva for innlegg som skal visast til kven.
Fremming av innlegg
Dette er ein betalingsfunksjon for at fleire skal sjå eit bestemt innlegg. Innlegget kan òg målrettast.
Informasjonskapsel
Ein informasjonskapsel, òg kalla cookie, er ei lita fil ei webside opprettar på maskina di for å samle inn informasjon om nettaktiviteten din.
Målretting av innlegg
I staden for å velje offentleg når du skal publisere eit innlegg, vel du målretting i nyheitsoppdateringa. Der kan du velje kjønn, alder, interesser og stad for kven du vil skal sjå innlegget ditt.
Remarketing
Dette er å vise ein annonse til dei som allereie har besøkt nettstaden din.