Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Interaktivt filmstudieark til Rebel (Bihttoš)

Kortfilm

Rebel (Bihttoš)

Rebel (Bihttoš) er ein eksperimentell, poetisk dokumentarfilm som blandar fargerike animasjonar, rekonstruksjonar og arkivmateriale. I filmen analyserer Tailfeathers sitt eige forhold til den samiske faren sin.

Om filmen

Filmen begynner med historia om korleis faren møtte mora hennar, som tilhøyrer urfolksgruppa blackfoot, og vidare om korleis romansen mellom dei vart påverka av faren sine psykiske problem.

Tailfeathers ønskjer å undersøkje kva som gjekk gale i ekteskapet til foreldra. Kva er det eigentleg med faren som har gjort han så deprimert at han på eit tidspunkt vurderte å ta livet sitt?

Faren sine problem viser seg å vere knytte til hendingar i barndommen som mange andre samar i hans generasjon også har opplevd.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Analyser Rebel (Bihttoš)

Analyser den eksperimentelle dokumentarfilmen Rebel (Bihttoš) av filmskapar Elle-Máijá Tailfeathers.

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019