Marilyn som intertekstuelt ikon
Oppgåve 1
Mange omtaler Marilyn Monroe som eit ikon for vår tid. Kva blir meint med det?
Oppgåve 2
Søk etter bilete og videoar med søkjeordet "Marilyn Monroe".
Lag ein digital presentasjon der du viser korleis ulike kunst- og medieuttrykk refererer til ikoniske førestillingar om Marilyn Monroe.
Presentasjonen skal innehalde døme på ulike uttrykksformer:
ein skulptur
eit måleri
eit grafisk kunstbilete
ein graffiti eller eit veggmåleri
eit artist- eller bandnamn / eit artist-image
ein spelefilm
ein revy
ein musikkvideo
ein vekebladreportasje
ei melding
I presentasjonen skal du reflektere over kvifor Marilyn Monroe har blitt ein ikonisk figur, og kva betydning ho som ikon tilfører dei kunstuttrykka og medietekstane du har funne fram til.
Oppgåve 3
Lag ei medieforteljing som inneheld éin eller fleire allusjonar til ein annan kjend skikkelse som har blitt eit kulturelt ikon i vår tid. Du vel sjølv sjanger, form og innhald.