Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Intertekstualitet

Fagartikkel

Intertekstualitet i medietekstar

Har du lagt merke til at medietekstar ofte referer til andre medietekstar? Intertekstualitet handlar om korleis tekstar forheld seg til kvarandre, og korleis bruk av kjende motiv, sitat og allusjonar kan gi teksten ei utvida betydning.
Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Tekstar og intertekstualitet

kjem av det latinske ordet inter, som betyr mellom, og ordet textum, som betyr vev. Omgrepet blei først utforma av litteraturforskaren Julia Kristeva i 1967.

Når vi studerer korleis samspelet med andre tekstar bidreg til å gi teksten betydning, kan vi bruke denne definisjonen av omgrepet intertekstualitet:

Intertekstualitet, eller tekstsamspel, handlar om tekstar som tek omsyn til andre tekstar gjennom lån, kjende motiv, sitat og allusjonar.

Når vi snakkar om tekstar i denne samanhengen, bruker vi .

Julia Kristeva bygde definisjonen sin på teoriane til litteraturforskaren Mikhail Bakhtin. Han peiker på at tekstar ofte inneheld mange stemmer med ulike perspektiv. Dei er polyfone, eller fleirstemmige.

Intertekstualitet i spelefilmen Beatles

Den norske spelefilmen Beatles (2014), regissert av Peter Flinth, byggjer på ein roman av Lars Saabye Christensen med same tittel. Teksten har tydelege referansar til populærkulturen på 1960-talet og det miljøet som oppstod rundt dei første norske drabantbyane.

I ein roman kjem dei ulike stemmene til uttrykk gjennom , skildringar, tankereferat og forteljarstemmer. Ei visuell medieforteljing kan ta i bruk andre verkemiddel enn ei litterær forteljing. I ein film kan intertekstualitet til dømes komme til syne i karakteren sin , kjende motiv og symbol, fargar og lyssetjing eller musikk og .

Nedanfor kan du sjå spelefilmen Beatles.

Kva referansar finn du i filmen?

  • Kven var The Beatles, og korleis påverka bandet si eiga samtid?

  • Finn døme på intertekstualitet i opningsbiletet og til spelefilmen Beatles.

  • Trur du dei som var unge på 1960-talet, får andre assosiasjonar enn du får, når dei ser filmen?

Intertekstualitet som utviding av teksten

Når intertekstualitet utvidar teksten, kan det skje på to måtar:

  • Teksten blir utvida når han låner uttrykk og innhald frå andre tekstar.
  • Teksten blir utvida når han opptrer i eit samspel med andre tekstar i samfunnet.

Tenk deg at du er russepresident og vel å innleie talen din med setninga "Eg har ein draum". Mange som høyrer på, vil då truleg forbinde denne utsegna med talen til den amerikanske borgarrettsforkjemparen Martin Luther King jr. I talen "I have a Dream" (1963) kravde han slutt på all rasistisk diskriminering i USA. Du kan sjå talen på YouTube.

Når du bruker denne kjende utsegna, skaper du ei tematisk og verdimessig kopling mellom din tale og Kings tale. Denne forma for intertekstualitet kallar vi . Ved hjelp av små lån eller tilvisingar til andre tekstar utvidar du innhaldet i din eigen tekst, og du dreg nytte av dei styrkane som finst i andre tekstar.

Intertekstualitet handlar også om lån frå hendingar og kulturelle og religiøse førestillingar i fortid og notid. Gjennom å studere dei koplingane tekstane har til andre tekstar i samfunnet, kan avsendaren også spegle dette samfunnet i teksten og seie noko viktig om det til mottakaren.

Intertekstualitet som lesemåte

Studiar av intertekstualitet er eit viktig bidrag til å forstå mediekulturen i vår tid. I medievitskapen blei omgrepet intertekstualitet vidareutvikla av mellom anna John Fiske i boka Television Culture (1987). Både han og litteraturforskaren Roland Barthes la større vekt på den sosiale tilhøyrselen i teksten.

Tekstar oppstår i ein . Dei er alltid påverka av det samfunnet og den kulturen dei oppstår i. Måten vi "les" ein tekst på, blir påverka av dei forventningane vi har til avsendaren, sjangeren og eigenarten til mediet. Barthes meinte derfor at betydninga av ein tekst ikkje nødvendigvis berre ligg innbakt i teksten, men også blir påverka i møtet mellom tekst og mottakar.

Myten om den sexy blondina

Eit døme John Fiske viser til i boka Television Culture, er artisten Madonnas musikkvideo "Material Girl" (1984), som du kan sjå på YouTube. Videoen er ein på Marilyn Monroes song- og dansenummer "Diamonds Are a Girl's Best Friend" i filmen Gentlemen Prefer Blondes (1953). Du kan også sjå Monroes framføring på YouTube.

Men vi treng ikkje å ha sett denne filmen for å forstå bodskapen i Madonnas musikkvideo. Det ho referer til, er nemleg det ikoniske biletet vi alle har på netthinna av Marilyn Monroe som sexy blondine, og ein seigliva kulturell myte om blondiner som dumme, deilige og villige.

Det er altså både referansen til ein annan medietekst og den kulturelle referansen som utvidar betydninga av Madonnas musikkvideo.

Tekstar om tekstar

I mediesamfunnet blir det stadig produsert tekstar som ikkje berre referer til, men som også handlar om andre tekstar. Døme er filmtrailerar, promoteringsintervju med plateaktuelle artistar, "bakomfilmar" om filmproduksjonar, bokmeldingar, diktanalysar eller reklamar for ulike medieforteljingar i .

John Fiske skil mellom primære, sekundære og tertiære tekstar:

Horisontal intertekstualitet oppstår når primærtekstar refererer til andre primærtekstar, eller når tekstar på same nivå referer til kvarandre. Madonnas referanse til "Diamonds Are a Girl's Best Friend" er då eit døme på horisontal intertekstualitet.

Vertikal intertekstualitet dreier seg om relasjonane mellom primære, sekundære og tertiære tekstar. NRKs melding på nett av dramaserien The Gilded Age er eit døme på vertikal intertekstualitet. Du kan lese meldinga på NRK.

Viktige omgrep

Kjelder

Fiske, J. (2010). Intertextuality. I J. Fiske, Television Culture. Henta frå https://www.taylorfrancis.com/chapters/mono/10.4324/9780203837153-14/intertextuality-john-fiske

Iversen, G. (2000). Møter mellom tekster. Norsk medietidsskrift, 7(2), 155–157. https://www.idunn.no/doi/10.18261/ISSN0805-9535-2000-02-14

Lothe, J., Refsum, C. & Solberg, U. (2007). Litteraturvitenskapelig leksikon (2. utg.). Kunnskapsforlaget.

Ridderstrøm, H. (2020, 4. desember). Intertekstualitet. Bibliotekarstudentens nettleksikon om litteratur og medier. Henta frå https://www.litteraturogmedieleksikon.no/gallery/intertekstualitet.PDF

van Zoonen, L. (2017). Intertextuality. https://www.researchgate.net/publication/313405629_intertextuality

Relatert innhald

Fagstoff
Filmhistoriske referansar i Pulp Fiction

På nittitalet utvikla regissørane Quentin Tarantino, Roberto Rodriges, David Lynch og til dels Oliver Stone ein ny visuell stil der det å vise til tidlegare filmhistoriske periodar stod sentralt.

Oppgåver og aktivitetar
Marilyn som intertekstuelt ikon

I denne oppgåva skal du utforske referansar til kulturelle mytar og bruke ein slik myte i eigen tekstproduksjon.

CC BY-SA 4.0Skrive av Ragna Marie Tørdal, Torgrim Gram Økland, Marita Aksnes og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2022