Adapsjon – frå bok til film
Det er ikkje utan grunn at filmprodusentar bruker bøker som utgangspunkt for å lage film. Da kan dei byggje på ei handling som folk kjenner på førehand, og dei kan utnytte populariteten til boka. Men filmar som tek utgangspunkt i svært kjende litterære verk blir slett ikkje alltid vellykka. Respekten for boka kan nemleg føre til at regissøren legg seg for tett opp til det litterære førebiletet og gløymer at filmen krev andre verkemiddel og forteljargrep enn boka.
Eksempel
- Ingvar Ambjørnsens bøker om Elling er eksempel på norske romanar som er blitt til film.
- Kriminalromanane til Unni Lindell, Karin Fossum og Gunnar Staalesen er blitt populære tv-seriar på norsk fjernsyn.
- Rudyard Kiplings roman Jungelboka har blitt til både teikne-serie, teater, radio-teater og spelefilm.
- Bøkene om Harry Potter og Ringenes herre har blitt suksessfulle spelefilmar.
Kva må regissøren gjere?
Kva skjer når ei bok eller novelle skal filmatiserast? Regissøren må ta med seg det beste frå boka og overføre det til eit nytt medium. Han må avgjere kor tett han skal leggje seg opp til boka, men uansett må han skrelle vekk mykje stoff som det ikkje blir plass til i filmen. Deretter må ein dyktig manusforfattar skrive eit eige filmmanus.
Frå språklege til filmatiske verkemiddel
I den skrivne teksten har forfattaren utnytta verkemidla i skrift-språket. Filmen derimot må utnytte dei uttrykksmidla som er spesielle for filmmediet, nemleg bilete og lyd i tillegg til dialog. Det er også mogleg å bruke ei forteljarstemme (såkalla voice-over), men dette blir i dag rekna som eit litt gammaldags verkemiddel i filmverda. Dei som lagar filmen, må ta stilling til blant anna desse spørsmåla:
- Kva kan vi signalisere om personane gjennom klede og oppførsel?
- Kva kan vi fortelje gjennom bruk av interiør og rekvisittar?
- Kva slags musikk og lydar skal vi bruke for å formidle stemningar eller for å gjere det tydeleg kva personane føler?
- Korleis kan vi tilpasse replikkane slik at dei karakteriserer personen som seier dei?
- Korleis kan vi få fram det som har hendt tidlegare, eller det som hender mellom scenene i filmen?