Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Bilete av barn i krig

Biletet av tre år gamle Aylan Kurdi frå Kobani i Syria prega avisforsider og tv-nyheiter verda over. Kva er det ved bilete av barn i krig som vekker så sterke kjensler?

Oppgåve 1

Studer dei seks bileta i biletkarusellen. For kvart bilete skal du svare på desse spørsmåla:

  1. Kva har skjedd før dette biletet vart teke?
  2. Kva skjer etter at biletet er teke?
  3. Kvifor har fotografen valt å skjere til dette biletet akkurat slik?
  4. Kva finst utanfor biletramma?
  5. Kva fortel desse bileta om korleis krigen rammer barn?
Liket av ein liten gut i vasskanten på ei strand. Han ligg med ansiktet ned i sanden. Foto.

Oppgåve 2

  1. Biletet av tre år gamle Aylan Kurdi frå Kobani i Syria prega avisforsider og tv-nyheiter verda over.

    Kva er det ved dette biletet som vekker så sterke kjensler? Kva for skaper det?

    Skriv eit notat på cirka 100 ord der du gjer greie for dette spørsmålet.

  2. I ettertid har engelske og amerikanske aviser vore opptekne av at familien til Aylan hadde rømt til Tyrkia tre år før biletet vart teke. Det blir òg hevda at motivasjonen faren hadde for å rømme vidare til Canada, var at han ønskte seg nye tenner.

    • Endrar dette oppfatninga di av bodskapen i dette biletet? Kvifor? Kvifor ikkje?

    • Kvifor trur du nettstaden Weaselzippers, som vidareformidlar denne informasjonen, har valt å bruke biletet av ein høgst levande og smilande Aylan?

Oppgåve 3

"Fire hjørne" er ei øving der elevane tek stilling til forskjellige spørsmål eller påstandar. Dette gjer at dei blir merksame på eigne meiningar og haldningar og får betre innsyn i synspunkt som andre har.

Les mediekommentaren "Guten, døden og etikken" av Sven Egil Omdal. Ta utgangspunkt i biletet av Aylan Kurdi.

Heng opp ein plakat i kvart av dei fire hjørna i klasserommet med desse svaralternativa:

  • Ja
  • Nei
  • Litt
  • Veit ikkje

Når påstandane blir lesne opp, går de til det alternativet som passar best med det de sjølve kjenner er rett. Deretter diskuterer de valet de gjorde, i gruppa og/eller i plenum.

Påstandar som ein kan bruke

  1. Ein heidrar Aylan best ved ikkje å publisere dette biletet.
  2. Eit slikt bilete har ikkje nokon verknad utover å massere samvitet til all verdas følarar.
  3. Utan bileta av likhaugane ville ikkje Holocaust ha hatt den same posisjonen i medvitet vårt.
  4. Av og til er det rett å bryte dei pressetiske reglane og vise krigen i all si gru.

Spørsmål som ein kan stille

  1. Var det rett av pressa å publisere biletet av Aylan Kurdi?
  2. Ville du ha publisert dette biletet på din eigen Facebook-profil?
  3. Er det uverdig å bruke bilete av barnelik for å fremme eit politiske standpunkt?
  4. Snur du deg bort når du ser slike bilete i media?
  5. Er det rett av oss nordmenn å ta imot syriske flyktningar?
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2018