E vi menneska da?
Musikkvideoen finn du under oppgåva.
Kan du beskrive det som skjer på overflata i denne videoen? Handlinga består av fleire sekvensar der vi møter ulike menneske på ulike stader. Kva slags tankar og kjensler vekkjer dei ulike sekvensane hos deg?
Lag eit to-kolonne-notat der du noterer kva som skjer av ytre handling, og kva kjensler og refleksjonar du får av å sjå på handlinga.
Handlingssekvens | Kva eg føler og tenkjer når eg ser dette |
---|---|
Videoen opnar med ein film som viser menneske på flukt – i ørkenen og til havs i ein overfylt gummibåt. Ei lita jente ser alvorleg inn i kameraet. | |
Ei blond jente blir sminka av ei kvinne og gjer seg klar til å bli fotografert. Ho ser glad ut. På same tid ser vi ei alvorleg jente i same situasjon. Ho har arr i ansiktet. |
Dokument som du kan laste ned og bruke til å fylle ut:
Filer
- Tokolonneskjema, nn(DOCX)
- Kva slags funksjon har fotografia som blir brukte?
- Finn du nokon kontrastar i denne samansette teksten?
- Korleis tolkar du ordet "equal" slik det er brukt i denne videoen?
- Noter ned songteksten. Gir bileta ei anna meining til orda enn om du berre hadde høyrt songen?
Ordet "menneske" blir brukt mykje i denne teksten.
Kva for nokon ulike samanhengar dukkar det opp i? Kva slags verknad har dette på deg? Kva tenkjer du dette betyr?
- Kva kjensler eller verdiar kan dette ordet appellere til hos oss?
- Kva meiner du er bodskapen i denne videoen?
- Kva gjer organisasjonen Dråpen i havet, som vi blir oppmoda til å støtte på slutten av videoen?
- Les om Marthe Valle i dette intervjuet i fagbladet Sykepleien. Les frå avsnittet "Jobbet i flyktningleir".
- Korleis forstår du bodskapen og innhaldet i videoen no, etter å ha lese litt meir om Valle og Dråpen i havet?
- Kva har du lært om menneske på flukt av "Menneska"? Skriv eit kort refleksjonsnotat.
- Vel ei formulering frå refleksjonsnotatet ditt som du liker spesielt godt og noter formuleringa på ein post-it-lapp. Viss alle klistrar lappane opp på ein vegg eller på tavla, kan de lese refleksjonane til kvarande.
- Diskuter forskjellar og likskapar i refleksjonane dykkar og reflekter over korleis tekstar kan treffe oss på ulike måtar.