Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Debatt i media

Fagartikkel

Ytringar kan endre verda

Når nok personar samlar seg om ei sak og ytrar meiningane sine, kan det bidra til å endre grunnleggjande samfunnsforhold, både lokalt og globalt.

I det daglege er det kanskje ikkje så lett å sjå at meiningar kan endre verda, for det å få til noko sånt tek som regel lang tid. I ei årrekkje har folk kjempa for rettane til kvinner og arbeidarar og aksept for homofile. Andre har kjempa mot undertrykkjande religiøse dogme. Desse kampane er vunne som eit resultat av at folk har engasjert seg, sagt meiningane sine og protestert mot det dei har opplevd som urettferdige reglar og normer.

Å lytte til ulike meiningar

For dei som deltek i debatt, anten det er på TV, på radio, i aviser eller i sosiale medium, er det viktig å bli høyrd. Bidragsytarar i ein debatt håper at nettopp deira debattinnlegg skal overtyde folk om at dei har rett.

Nokre problem er så store og samansette at det er vanskeleg å vite kva som er den beste løysinga. I slike tilfelle handlar det om å la ulike personar kome med ulike synspunkt og argument i debatten i det offentlege rommet.

Debattinnlegg frå engasjerte eller kunnskapsrike personar kan gi god innsikt i ei sak. Om ikkje enkeltinnlegg endrar verda, bidreg dei til at folk får kjennskap til nye sider ved ei sak, til at nye haldningar blir skapte og løysingar oppstår.

Døme: Korleis skal vi løyse klimautfordringane?

Nokre meiner ei god løysing er å heve bompengeavgifta for å sikre betre kollektivtransport og nye sykkelvegar:

Sandefjords blad: Vi må tåle både pisk og gulrot for å få ned privatbilismen i by'n

Andre vil derimot seie at dette ikkje er ei lur løysing i det heile, fordi det øydelegg for transportnæringa, som samfunnet er avhengig av:

Bergensavisen: Varsler ny aksjon mot bompenger

Andre igjen vil bruke stemma si til å seie at dette handlar om meir enn berre bompengar:

Dagbladet: Miljøproblemer handler ikke bare om klima

Tenkjepause

Kva meiner du om bompengar og miljø?

Debatt kan endre standpunkt og haldningar

Det finst mange døme på saker der debatten har ført til endringar.

#-kampanjen er ein internasjonal kampanje som har ført til store endringar, òg i Noreg. Mange kvinner i ulike yrke har ytra seg om erfaringane sine med seksuell trakassering.

VG: Kvinnedag i dag: #Metoo – hvordan har det endret oss?

Utbygging av vindkraftanlegg vart lenge heia fram som eit miljøvenleg alternativ i den norske opinionen, men så snudde stemninga etter fleire kritiske ytringar om konsekvensar av landbasert vindkraftutbygging.

Forskning.no: Neppe særlig mer vindkraft de neste 5 til 10 årene

Meta fekk sterk kritikk då det blei kjent at dei ønskte å bruke innlegg og bilete posta på Facebook og Instagram til å utvikle og forbetre Metas KI-teneste. Etter sterk og samordna protest frå blant andre mange norske brukarar, valte Meta å utsette utrullinga av den generative KI-modell sin i EØS-området.

Datatilsynet: Meta vil benytte brukernes bilder og innlegg til å utvikle KI

Tenkjepause

  • Kva vil du endre på i samfunnet du lever i?
  • Korleis vil du gå fram?
CC BY-SA 4.0Skrive av Joachim Laberg og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2021