Oppgåve
Vurder ein debatt
Finn ein debatt som går føre seg akkurat no på Internett, gjerne i tilknyting til ei nyheitssak der mange deltek med innlegg. Studer kommentarane og gi ei vurdering av dei.
Finn ut:
- Kven deltek i debatten? (Stikkord: kjønn, alder, politisk eller anna gruppetilhøyrsel.)
- Kva kjenneteiknar debatten? (Er innlegga saklege? Er det lange, forklarande innlegg eller korte påstandar? Held ein seg til saka? Osb.)
- Korleis utviklar debatten seg? (Sklir han ut på nokon måte? Korleis?)
- Følgjer deltakarane dei reglane som er sette for ein debatt? Har debattane moderatorar? Korleis kjem dette eventuelt til synes?
- Synest du debattar i nettavisene bør ha moderatorar? Grunngi svaret ditt.
Finn fram til eit tema som blir eller nettopp har vorte diskutert i din heimkommune, helst ei aktuell sak som mange har meininger om.
Kvar skjer debatten, og kva kjem ut av diskusjonane?
Bruk lokalavisa og nettet som kjelde, eller snakk med folk som har involvert seg i debatten, for å finne svar på spørmålet.
- Presenter det du har funne ut, etter avtale med læraren din.