Lag ein nyheitsartikkel om ungdom og ytringsfridom
Du skal lage ein nyheitsartikkel til lokalavisa eller regionsavisa på heimstaden din. Nyheitsartikkelen skal illustrerast med to eller tre stillbilete med god kvalitet.
Nyheitsartikkelen skal ha ein engasjerande tittel og ein ingress som vekkjer interesse. Hugs òg å bruke dekkjande mellomtitlar, og at stillbileta skal ha informerande bilettekstar.
Kjelder
I dette oppdraget skal du bruke tre kjelder:
Éi skriftleg kjelde, nemleg ein rapport frå ytringsfridomsrådet til ungdommen som har tittelen: Korleis står det til med ytringsfridommen til ungdom og unge vaksne i Noreg? (frittord.no)
Og to munnlege kjelder:
ein ungdom som deltek aktivt i ein politisk organisasjon
ein ungdom som ikkje deltek i organisert verksemd
Problemstilling og vinkling
Nyheitsartikkelen skal klargjere følgjande problemstilling:
Kvifor vegrar mange unge seg for å delta i den offentlege samtalen i lokalmiljøet vårt?
Du vel sjølv korleis du vil vinkle saka, men det kan vere ein fordel å knyte han til ein pågåande debatt som engasjerer mange.
Etterarbeid
Reflekter over korleis du løyste oppdraget, og kva du lærte om ungdom og ytringsfridom mens du jobba med nyheitsartikkelen.